Yngvar Andersen

Fødd: 1974

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar. Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole. Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter i Oslo med namnet Mykjemeir.

Frå 2006 har han vore ein markant profil i NRK-programmet Puls, der han har gitt treningsråd til tv-sjåarane.

I 2008 fekk han målprisen til Luster Mållag fordi han brukar nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for bruken av dialekt i media. I 2011 fekk han målprisen til Sogn og Fjordane Mållag og same året målprisen til Noregs Mållag.

Bibliografi

Bøker

  • 2011 – Kom i form med Yngvar : treningsprogram, smarte tips, sunn fastfood, treningsdagbok : supersprek 7 veker (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-23939-7  [Av Yngvar Andersen og Liv Loftesnes]
  • 2017 – Kom i form 60 + (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-29662-8  [Av Yngvar Andersen, Thor-Øistein Endsjø, Liv Loftesnes]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA