Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn) er ein norsk lærar og forfattar. Han har arbeidd i barneskule og ungdomsskule og har også vore lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole.

Bergset har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norges Kristelege Folkehøgskolelags historie 1914-1984 og forfattar av Nordfjord Folkehøgskule 75 år – 1923-1998. I 2011 gav han ut Brennande liv, eit portrett av den danske presten og forfattaren Kaj Munk, som vart skoten av tyskarane under andre verdskrigen.

Bibliografi

Bøker

  • 1968 – Naudrop i fjellet (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1969 – Ei mørk natt i oktober (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1976 – Ein stad å setje sin fot : dikt (Oslo: Luther) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1978 – Barndomens grøne dal : ein studie i Per-bøkene av Olav Sletto (Bergen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Utafor alt eg veit : diktsamling (Oslo: Fonna) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1984 – I tru og teneste : Ungdomskulelærarlaget/Noregs kristelege folkehøgskulelag 1914-1984 (Oslo: Folkehøgskulelaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1996– I morgon skal vi møtast : diktsamling (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997– Lagnaden – og alle dei andre : noveller (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998– Nordfjord folkehøgskule 75 år : 1923-1998 (Sandane: Nordfjord folkehøgskule) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2004– Småfolk i farten : forteljingar om born (Stryn: V. Bergset)
  • 2006– Skatten i åkeren : dagsord (Stryn: V. Bergset)
  • 2008 – Fra sigledammen til hoppbakken (Valle: Setesdalforl.)
  • 2011 – Brennande liv : ein biografi om Kaj Munk (Valle: Setesdalforl.)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA