Unni Eikeseth (fødd 1974) er ein norsk kjemikar, forskningsjournalist og sakprosaforfattar frå Førde.

Eikeseth er utdanna cand. scient. i organisk kjemi frå Universitetet i Bergen i 1998.[1] Frå 2002-2015 var ho vitskapsjournalist i NRK, der ho mellom anna var programleiar i Newton til 2005. Ho har også jobba som lektor Trondheim katedralskole i eit år.[2] Frå 2015 har ho vore universitetslektor i naturfagsdidaktikk ved NTNU.[3] Eikeseth har utgitt fleire bøker for barn og ungdom om naturfaglege emne.

Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Newton : barnas store vitskapsbok (Oslo: Kunnskapsforl.) . ISBN 82-573-1786-1  [Nynorsk utg.]
  • 2007 – Newton : barnas store vitenskapsbok (Oslo: Kunnskapsforl.) . ISBN 82-573-1729-2  [Bokmålutg.]
  • 2007 – Newton : vår utrulege dyreverd (Oslo: NRK) . ISBN 82-82-8178254-9
  • 2007 – Newton : vår utrulige dyreverden (Oslo: NRK)
  • 2007 – Newton klimabok (Oslo: NRK) . ISBN 978-82-521-7356-7
  • 2013 – Eksperimentboka (Oslo: Spartacus : NRK) . ISBN 978-82-430-0793-2
  • 2016 – Norske forskningsbragder : vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8670-3

I bøker – eit utval

  • 1993 – Heimland : ei samling av 27 noveller (Førde: Firda) . ISBN 82-992807-1-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Med ein buss i kvelden / Unni Eikeseth, s. 77-78]

Referansar

  1. Unni Eikeseth 3-amino-3-benzyl-Β-lactam as a conformational controller in peptides Hovudoppgåve i kjemi – Universitetet i Bergen, 1998
  2. CV på LinkedIn
  3. ntnu.no ansatteside for Unni Eikeseth

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA