Unni Berge (fødd 16. mars 1979) er ein norsk SV-politikar, statsvitar og forfattar. Ho er fødd i Bygstad i Gaular kommune og busett i Oslo.

Biografi

Berge er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og skreiv masteroppgåva Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens. I 2006 jobba ho som fagansvarleg for oljesaker i Miljøstiftelsen Bellona. Frå 2007 til april 2012 jobba ho med løysingar på klimaproblemet i miljøstiftelsen ZERO. I april 2012 gikk Berge over til å være politisk rådgjevar for utviklingsminister Heikki Holmås.

Berge vart i 1997 oppnemnd som medlem av Verdikommisjonen som Bondevik si første regjering sette ned for å finne fellesnormer for det norske samfunnet. Ho var leiar for Operasjon Dagsverk sin Jente-kampanje i 1999. Før det var ho leiar av Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane i tre år. Berge sat i sentralstyret i Natur og Ungdom i perioden 2001–2003. I perioden 2001–2009 sat ho i styret i Sofieprisen. I 2008 vart ho vald inn i Bioteknologinemnda.

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Bærekraftig – eller bare kraftig? : en rapport om EU og miljø (Oslo: Natur og ungdom)  [Av Tine Larsen, Unni Berge, Erik Rosén]
  • 2005 – Petroleumsaktivitet i Barentshavet : en organisasjonsteoretisk analyse av to avgjerdsprosessar (Oslo: U. Berge) Tilgjengeleg i fulltekst  [Masteroppgåve i statsvitskap, Universitetet i Oslo]
  • 2009 – Feber : historia om norsk olje og gass (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-0228857-0  [Av Gudmund Skjeldal, Unni Berge]

Kjelder

Eksterne lenker


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA