Torkjell  Djupedal
string(21) "Torkjell_Djupedal.jpg" string(17) "Torkjell_Djupedal"

Torkjell Djupedal

Fødd: 6. april 1957

Torkjell Djupedal (fødd 6. april 1957) er ein norsk forlagsmann og forfattar. Han har vore busett i Førde sidan 1992. Djupedal er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ei mastergrad i journalistikk fra University of Oregon i USA.

Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989-92) og radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane (1992-97).

I 1996 grunnla Djupedal Selja forlag, og har ved sida av forleggjarverksemda også vore forfattar av fleire bøker med lokalhistorisk innhald.

Torkjell Djupedal er son til Reidar Djupedal, og bror til tidlegare stortingsrepresentant og statsråd i SV og fylkesmann Øystein Djupedal.

Bibliografi

Bøker

  • 2000 – På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-13-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund]
  • 2000 – På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-14-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund]
  • 2007 – Førde : [frå steinalderen til Himmelbrua] (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-76-4  [tekst: Hans Jakob Reite ; hovudfotograf Finn Loftesnes ; prosjektleiar Torkjell Djupedal ; kart Bernt Kristiansen]
  • 2007 – Selja (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-60-9  [tekst: Torkjell Djupedal ; hovudfotograf: Thomas Bickardt]
  • 2009 – Ein dag i Flora : 09.06.09 (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-014-5  [Prosjektleiar: Torkjell Djupedal ; utg. av Firdaposten]
  • 2014 – Opptur kysten : Bergen-Stad : 30 ruter, 116 flyfoto, 663 opplevingar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-078-7  [Torkjell Djupedal, Knut Magne Nesse og Finn Loftesnes]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA