Torfinn Haukås

Fødd: 1931 Høyanger

Død: 1993

Yrke: Forfattar, omsetjar, mekanikar, sjømann, reklameteiknar, journalist, fotograf

Sjanger: Roman, novelle, forteljing

Debut: 62 Johnsen (1958 ), roman

Torfinn Haukås (1931–1993) var ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn. Han gav i perioden 1958 til 1981 ut til saman ti titlar. Meg skal dere aldri få tak i, Søndag i Andorra og Duellen er kriminalromanar, medan Døden på fanget er ei bok om sonen som leid av Krabbes sjukdom.[1]

I 1965 fekk Torfinn Haukås førstepremie for beste novella for film i ein konkurranse skipa til av Den norske bokklubben.

Torfinn Haukås var omsetjar og De levende døde av den amerikanske forfattaren Stephen King var ein av titlane han sette om til norsk.

Bibliografi

Bøker

I bøker – eit utval

  • 1965 – 13 noveller for film (Oslo: Den norske bokklubben) Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Det røde skjegget / Torfinn Haukås, s. 85-124]
  • 1983 – Kystlandskap : nye norske noveller i utvalg (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-09761-4 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Mannen med munnspillet / Torfinn Haukås, s. 27-34]
  • 1988 – Magasinets noveller (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-03136-8 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Tryllekunstneren / Torfinn Haukås, s. 124-127]

Referansar

  1. Bendz, 2014, s. 12

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA