Sakprosa

Ola Johannesson Vik

Ola Johannesson Vik (1854–1897) var ein norsk lærar og bladutgjevar frå Viksdalen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. I 1879 busette han seg i Dalen krins i Bremanger, og i 1890 kjøpte han prenteverk og gav ut på eige forlag fleire mindre bøker/hefter og blada «Forteljaren» (1891-92) og «Livet» (1893). Vik var også engasjert i fråhaldsrørsla, […]

Olav Vikøren

Olav Vikøren (6. november 1884–5. september 1964) var ein norsk lærar, misjonsmann og forfattar frå Vik. Han var busett mellom anna på Gjøvik. Vikøren tok eksamen ved Stord lærarskule i 1904. Han arbeidde som lærar på Hafslo i Luster kommune 1905-1906, i Herand i Hardanger 1906-1912, i folkeskulen i Bergen 1912-1920, ved Bergen Bibelskole 1920-19 […]

Erlend Vinjum

Erlend Vinjum (fødd 1933) er ein norsk lektor, stadnamnforskar og forfattar. Han er fødd i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Vinjum er cand.philol. med fagkrinsen norsk hovudfag, historie mellomfag og kunsthistorie grunnfag. I 1954-55 tok Vinjum NATO`s flygeskule i Canada, og i nærare 10 år tenestegjorde han som flyoffiser. Seinare undervis […]

Synnøve Vinsrygg

Synnøve Vinsrygg (fødd 1945) er ein norsk arkeolog. Ho er fødd i Stryn og busett i Oslo. I 1973 tok ho magistergrad i arkeologi ved Universitetet i Bergen. Ho arbeidde i 15 år som arkeolog og vart førsteamanuensis. Etter tilleggsutdanning i internasjonale studiar arbeidde ho med ulike internasjonale oppgåver i mange land og verdsdelar, mellom ann […]

Erling Virkesdal

Erling Virkesdal (f. 1937) er ein norsk historikar og forfattar frå Dalsøyra i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. I åra 1971 – 1996 arbeidde Virkesdal som undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum, og frå 1996 og utover var han styrar ved Herdla Museum. Virkesdal har gjeve ut ei heil mengd historiebøker om ulike ruteselskap i Bergen og resten […]

Nikka Vonen

Nikka (Nicoline Marie) Vonen (14. november 1836–29. november 1933) var ei norsk målkvinne, fjellvandrar, forfattar, folkeminnesamlar og ikkje minst grunnleggar av og styrar på privatskulen Pigeinstitutet frå Dale i Sunnfjord. Folkeminna og folkeskildringane Nikka Vonen samla inn frå Sunnfjord vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Nikka […]

Irene Wedvik

Irene Wedvik (fødd 1948) er frå Nordfjordeid i Eid kommune. Ho har arbeidd i Arbeidsdirektoratet og Fylkesarbeidskontoret for Oslo og Akershus. I 2007 flytta ho tilbake til Eid. I 2008 gav ho ut boka Berre kom heim!

Mads Iver Wefring

Mads Iver Wefring (1819–1894) var ein norsk emissær og prest. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Wefring vart gripen av Haugerørsla i 1833, og reiste saman med Anders Haave frå 1836. Han tok studenteksamen 1847 og vart cand. theol. 1852. Wefring var prest i Skien, Eiker, Holla i Telemark og ved Vår Frue kyrkje i Trondheim. Han var også reise […]

Håkon Wergeland

Håkon Wergeland (14. april 1878–3. mars 1971) var ein norsk prest og skulestyrar frå Byrknesøy i Gulen kommune. Wergeland var son til ein lærar. Han vart cand.theol. i 1902. Wergeland var styrar på Viken kristelege ungdomsskule på Gjøvik frå 1902-1911, rektor ved Notodden lærerskole 1911-1936, ungdomsprest i Oslo 1937-1938 og rektor på Kristians […]

Anne Britt Ylvisåker

Anne Britt Ylvisåker (fødd 1957) er ein norsk førstekonservator ved KODE, Kunstmuseene i Bergen. Ho er frå Sogndal i Sogn og Fjordane.