Sakprosa

Johannes Aursland

Johannes Helgesson Aursland (fødd 11. august 1899 i Skjold, død 26. mars 1975) var lektor og forfattar. Aursland var son til ein gardbrukar i dåverande Skjold herad i Nord-Rogaland. Han tok lærareksamen i 1922 og cand. philol. i 1935. Aursland var lærar på Borre framhaldsskule 1922-1924, Time framhaldsskule 1924-1925 og Skjold folkeskule 1925-1936 […]

Johan Austbø

Johan Austbø (23. oktober 1879–23. desember 1945) var ein norsk forfattar fødd i Lavik i Høyanger. Han var også lærar, og arbeidde mellom anna i skuleverket i Leikanger i Sogn frå 1901 til 1906. Johan Austbø skreiv forteljingar, skodespel, dikt, bøker for barn og biografiar. Han bidrog også mykje i Nynorsk Vekeblad. Johan Austbø var svært aktiv nå […]

Ingolf Austgulen

Ingolf Austgulen (fødd 1925) er frå Gulen i Sogn og Fjordane. Han er busett i Bergen, og han har vore handelsmann heile sitt yrkesaktive liv. Han har skrive bøker og lokalhistoriske artiklar med stoff frå Gulen.

Anna Jorunn Avdem

Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og frå 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Hovudoppgåva hennar «Gjort […]

Ole Mathiasson Bakke

Ole Mathiasson Bakke (1816–1895) var frå Bakke i Holmedal i Askvoll kommune. Han var bonde, lærar, ordførar i Ytre Holmedal 1860-1864 og 1876-1879, andre varamann på Stortinget 1877-1879 og skribent.

David Bakke

David Olsson Bakke (30. april 1857–25. april 1935) var ein gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord. Bakke var son til ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Året før, 1879, tok han til som styrar av […]

Arve Melchior Bakken

Arve Melchior Bakken (fødd 1953) er ein norsk journalist. Han er frå Årdal. Bakken har m.a. jobba som journalist i Aftenposten og i perioden 1990-1992 var han redaktør i Fjordabladet.

Albert Balchen

Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 1825–12. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular. Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved […]

Kari Leine Balog

Kari Leine Balog (fødd 1950) er ein norsk prest og forfattar. Ho vaks opp i Ytre Arna og er busett i Selje, der ho er sokneprest. Balog er engasjert i utvikling av Sunnivaleia frå Florø/Kinn til Selje.

Gudmund Balvoll

Gudmund Balvoll (fødd 1934) er ein norsk professor i hagebruk, historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, og busett i Tønsberg. Balvoll vart Dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969, han var fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986, informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989 og professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-1999 […]