Sakprosa

Elias Monsen Aardal

Elias Monsen Aardal (6. august 1880–1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Årdal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland utanfor Sandnes. Han gav ut ei minnebok frå 1890-å […]

Jostein Aardal

Jostein Aardal (fødd 1953) er ein norsk journalist frå Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Han er utdanna innan offentleg forvaltning, og han har over 30 års erfaring som journalist i fleire aviser. Aardal har vore aktiv i folkemusikkmiljøet sidan 1970-talet.

Hans Arentz

Hans Arentz (27. august 1731–12. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Barndom Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), soknepres […]

Georg Arnestad

Georg Arnestad (fødd 17. november 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal. Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregåande skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arne […]

Asbjørn Aarseth

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009) var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Biografi Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å stud […]

Sverre Aas

Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger. Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gule […]

Kjell Askeland

Kjell Askeland (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er frå Askeland i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd som lærar og frilansjournalist.

Bernt Madssen Askevold

Bernt Madssen Askevold (1846–1926) var ein norsk prest, lærar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var aktiv i Askevold Børneskole, oppretta Laksevåg Avis og gav ut fleire forteljingar. Askevold utvandra til USA rundt 1870, men returnerte til Askvoll i 1922.

Mathias Askevold

Mathias Askevold (1854–1919) var ein «bladmann og litterat» frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Askevold gav ut fleire dikt i aviser og tidsskrift. Dikta er blitt skildra som «vakre».

Arne W. Aasland

Arne Wilhelm Aasland (fødd 1946) er ein norsk lektor med faga historie, nordisk og statsvitskap. Han er frå Notodden og busett i Førde. Aasland har undervist på Førde gymnas/Hafstad vidaregåande skule frå 1976 til 2011. Han er aktiv i lokalhistorisk arbeid.