Menn

Håkon Wergeland

Håkon Wergeland (14. april 1878–3. mars 1971) var ein norsk prest og skulestyrar frå Byrknesøy i Gulen kommune. Wergeland var son til ein lærar. Han vart cand.theol. i 1902. Wergeland var styrar på Viken kristelege ungdomsskule på Gjøvik frå 1902-1911, rektor ved Notodden lærerskole 1911-1936, ungdomsprest i Oslo 1937-1938 og rektor på Kristiansa […]

Magne Wergeland

Magne Wergeland (1899–1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet. Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 – 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg. Bøkene Magne Werge […]

Gunnar Yttri

Gunnar Yttri (fødd 1966) er ein norsk historikar og forfattar frå Sogndal. Han var dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og er tilsett som forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Tor Yttri

Tor Yttri (fødd 1965) er ein norsk journalist og fotograf frå Sogndal i Sogn og Fjordane. Han har vore sentral i Fjellsportfestivalen Bratt Moro og arbeidet med å utvikle Sogndal som stad for toppturentusiastar. I 2013 vart han tildelt Sogndal kommune sin kulturpris. I 2006 gav Yttri ut fotoboka Til fjells i Sogn og Jotunheimen.