Menn

Kristian Ulltang

Kristian Andreas Johanson Ulltang (6. januar 1891–18. november 1979) var ein norsk journalist frå Førde i Sogn og Fjordane. Det var han som tufta Firda i 1917 som bygdeblad for Indre Sunnfjord, og han var redaktør for Firda i åra 1918-20 og 1922-24. I tillegg dreiv han eige trykkeri i Førde 1914-1947. Ulltang var redaktør for Ungdomsvennen frå 19 […]

Terje Ulvedal

Terje Ulvedal (fødd 1958) er ein norsk journalist. Han er frå Fjaler og busett i Førde. Ulvedal har arbeidd som journalist i Firda, NRK Sogn og Fjordane og frå 1998 til 2013 i Bergens Tidende. I 2013 vart han tilsett som informasjonsdirektør i Helse Førde.

Hans Martin Underdal

Hans Martin Underdal (1956–2005) var ein norsk journalist. Han vaks opp i Årdal. Underdal arbeidde m.a. mange år i reiselivsbransjen og som journalist i Allers, og var forfattar av fleire bøker om trehotell i Noreg.

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord. Han vaks opp i Årebrot i Flora kommune og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og […]

Arnfinn Urnes

Arnfinn Urnes (1888–1952) var ein norsk lærar og forfattar. Han var fødd i Hafslo i Luster kommune. Urnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1910, og han var lærar i Hjartdal 1910-1912, Furnes 1912-1914, Kvitingsøy 1914-1918 og Jevnaker 1918-1942.

Gunnar Urtegaard

Gunnar Urtegaard (fødd 1952) er ein norsk historikar og forfattar. Han er frå Balestrand. Urtegaard er utdanna cand. phil. Han var leiar av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane frå starten i 1983 til 2001, då han tok permisjon for å arbeide i eit privat firma. Urtegaard satsa sterkt på internett-baserte tenester frå Fylkesarkivet, og data-basane til […]

Elling Vanberg

Elling Vanberg (4. september 1937–31. desember 1993) var ein norsk forfattar og bonde frå Olden i Stryn kommune. I ungdomen gjekk Vanberg i læra hjå den hollandske biletkunstnaren Dooijeward på Singerheimen i Olden i tre somrar (1951–53). Medan han avtente militærtenesta i Trondheim i siste halvdel av 1950-åra, tok han realskuleeksamen og byrja å […]

Jens Vangsnes

Jens Vangsnes (4. juli 1885–27. april 1967) var ein norsk lærar, reisetalar og forfattar. Han var fødd på Vangsnes i Vik kommune. Vangsnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1906, og han var lærar i Balestrand, Sand, Luster og Fresvik i dagens Vik kommune og krinssekretær i Sogn krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund 1920-1940. Han var lærar og […]

Jonas S. Vårdal

Jonas S. Vårdal (12. mars 1886–6. januar 1966) var ein norsk lærar og forfattar. Han vaks opp i Holmedal i Askvoll kommune og i Vevring i Naustdal kommune. Vårdal var utdanna lærar og busett på Laksevåg. Han skreiv i aviser og gav ut ei bok.

Søren Ve

Søren Ve (6. juli 1892–10. august 1974) var ein norsk lærar, rektor og lokalhistorikar. Han var frå Øvre Årdal i Årdal kommune. Etter eksamen ved Stord lærarskule arbeidde Ve som lærar i 15 år i Luster, Oslo, Rjukan og Bergen. Ve tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1930 med botanikk som hovudfag og i 1941 tok han doktorgraden i botanik […]