Menn

Kjell Askeland

Kjell Askeland (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er frå Askeland i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd som lærar og frilansjournalist.

Bernt Madssen Askevold

Bernt Madssen Askevold (1846–1926) var ein norsk prest, lærar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var aktiv i Askevold Børneskole, oppretta Laksevåg Avis og gav ut fleire forteljingar. Askevold utvandra til USA rundt 1870, men returnerte til Askvoll i 1922.

Mathias Askevold

Mathias Askevold (1854–1919) var ein «bladmann og litterat» frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Askevold gav ut fleire dikt i aviser og tidsskrift. Dikta er blitt skildra som «vakre».

Arne W. Aasland

Arne Wilhelm Aasland (fødd 1946) er ein norsk lektor med faga historie, nordisk og statsvitskap. Han er frå Notodden og busett i Førde. Aasland har undervist på Førde gymnas/Hafstad vidaregåande skule frå 1976 til 2011. Han er aktiv i lokalhistorisk arbeid.

Johannes Aursland

Johannes Helgesson Aursland (fødd 11. august 1899 i Skjold, død 26. mars 1975) var lektor og forfattar. Aursland var son til ein gardbrukar i dåverande Skjold herad i Nord-Rogaland. Han tok lærareksamen i 1922 og cand. philol. i 1935. Aursland var lærar på Borre framhaldsskule 1922-1924, Time framhaldsskule 1924-1925 og Skjold folkeskule 1925-19 […]

Johan Austbø

Johan Austbø (23. oktober 1879–23. desember 1945) var ein norsk forfattar fødd i Lavik i Høyanger. Han var også lærar, og arbeidde mellom anna i skuleverket i Leikanger i Sogn frå 1901 til 1906. Johan Austbø skreiv forteljingar, skodespel, dikt, bøker for barn og biografiar. Han bidrog også mykje i Nynorsk Vekeblad. Johan Austbø var svært aktiv […]

Ingolf Austgulen

Ingolf Austgulen (fødd 1925) er frå Gulen i Sogn og Fjordane. Han er busett i Bergen, og han har vore handelsmann heile sitt yrkesaktive liv. Han har skrive bøker og lokalhistoriske artiklar med stoff frå Gulen.

Ole Mathiasson Bakke

Ole Mathiasson Bakke (1816–1895) var frå Bakke i Holmedal i Askvoll kommune. Han var bonde, lærar, ordførar i Ytre Holmedal 1860-1864 og 1876-1879, andre varamann på Stortinget 1877-1879 og skribent.

David Bakke

David Olsson Bakke (30. april 1857–25. april 1935) var ein gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord. Bakke var son til ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Året før, 1879, tok han til som styrar av […]

Arve Melchior Bakken

Arve Melchior Bakken (fødd 1953) er ein norsk journalist. Han er frå Årdal. Bakken har m.a. jobba som journalist i Aftenposten og i perioden 1990-1992 var han redaktør i Fjordabladet.