Menn

Henrik Angell

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar. Militær karriere Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911. Han var på […]

Rune Angell-Jacobsen

Rune Angell-Jacobsen (fødd 16. desember 1947) er ein norsk forfattar fødd i Florø og busett i Bjugn. Angell-Jacobsen er tidlegare oberstløytnant i Luftforsvaret, der han mellom anna arbeidde som systemoperatør på overvåkningsflyet Lockheed P-3 Orion og seinare som etterretningsoffiser. Som forfattar har han skrive fleire seriar med historisk under […]

Elias Monsen Aardal

Elias Monsen Aardal (1880–1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Aardal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland utanfor Sandnes. Han gav ut ei minnebok frå 1890-åra frå heimb […]

Sjur Årebru

Sjur Årebru (fødd 27. desember 1897 i Årdal, død 10. november 1982) var ein norsk bonde og forfattar busett i Årdal. Han var skriftstyrar for Jol i Sogn. Årebru reiste i fleire år som forsikringsinspektør i Buskerud, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane, og det første skodespelet hans, Valsjau, var inspirert av det han såg. Han gav ut fleire skodespe […]

Hans Arentz

Hans Arentz (27. august 1731–12. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Barndom Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), sokneprest […]

Georg Arnestad

Georg Arnestad (fødd 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal. Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregående skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitsk […]

Asbjørn Aarseth

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009) var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Biografi Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å stude […]

Arne Henning Årskaug

Arne Henning Årskaug (fødd 1985) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Han kjem frå Holsen i Førde kommune. Årskaug har gått på Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og Høgskolen i Oslo og Akershus, Bibliotek- og informasjonsvitenskap. Årskaug debuterte i 2015 med Utstyrstekstar. Tekstane i debutboka er prega av språkleg oversko […]

Sverre Aas

Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger. Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen ko […]

Kjell Askeland

Kjell Askeland (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er frå Askeland i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd som lærar og frilansjournalist.