Kvinner

Borgny Dam-Nielsen

Borgny Dam-Nielsen (fødd 1944) er ein norsk forfattar, biblioteksjef, kulturarbeidar og bioingeniør. Ho er busett i Selje. Dam-Nielsen var biblioteksjef i Selje fram til 2003. Ho har også m.a. jobba med 1000 års-jubileet i Selje 1996-1997. Dam-Nielsen er utdanna bioingeniør og jobba i fleire år på laboratoriet ved Nordfjord sjukehus. Borgny Dam-Ni […]

Olga Eide

Olga Eide (ca. 1912–ca.2012) var ein norsk lyrikar. Ho var frå Stryn kommune.

Unni Eikeseth

Unni Eikeseth (fødd 1974) er ein norsk kjemikar, forskningsjournalist og sakprosaforfattar frå Førde. Eikeseth er utdanna cand. scient. i organisk kjemi frå Universitetet i Bergen i 1998. Frå 2002 til 2015 var ho vitskapsjournalist i NRK, der ho mellom anna var programleiar i Newton til 2005. Ho har også jobba som lektor Trondheim katedralskole i […]

Bodil Fjellestad Eikrem

Bodil Fjellestad Eikrem (fødd 1981) er ein norsk kokk. Ho er frå Gloppen. Eikrem har arbeidd på kjende restaurantar som Lofoten Fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen. Ho er kjøkkensjef på Gloppen hotell i Sandane, og er kåra til Årets Bondelagskokk 2013/2014.

Grethe Eithun

Grethe Eithun (fødd 1966) er ein norsk journalist og forlagsredaktør. Ho er frå Førde kommune. Eithun har studert historie og vore, tilsett i Selja forlag og i NAV.

Kjellaug Ese

Kjellaug Ese (fødd 1924) er ein norsk-amerikansk sjukepleiar og forfattar. Ho vart fødd i Balestrand og emigrerte til USA i 1956, der ho busette seg i Minnesota. Ese har arbeidd som anestesisjukepleiar. Ho gav i 2005 ut diktsamlinga Sognarim i sognaånd.

Linda Jenny Ese

Linda Jenny Ese (fødd 1992) er ein norsk forfattar oppvaksen i Balestrand i Sogn og Fjordane. I 2011 gav ho ut diktsamlinga Livets mørke.

Mona Fossdal

Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk lærar, forfattar, illustratør og grafisk designar. Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Jølster og Førde i Sogn og Fjordane. Frå 2016 har ho vore busett i Eikefjord i Flora. Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen, pedagogisk utdanning […]

Randi Førsund

Randi Helene Førsund (fødd 8. februar 1975) er ein norsk forfattar frå Leirvik i Hyllestad kommune. Førsund studerte drama og teaterkunst ved Queen Margaret University College i Edinburgh i Skottland og middelalderhistorie i Reykjavik på Island. Ho er ansvarleg produsent for, og har skrive manus til, ein historisk film, Hemnen, om kong Magnus Berr […]