Kvinner

Marit Bendz

Marit Bendz (fødd 20. april 1959) er ein norsk journalist. Ho er frå Ålen i Sør-Trøndelag og seinare busett i Førde. Bendz tok eksamen ved medielina i Volda i 1986. Ho har vore tilsett ved NRK og har vore frilansar sidan 1998. Marit Bendz har gitt ut fleire bøker og saman med Heidi Hattestein vart ho kåra til Årets frilans 2008 av Norsk Journalist […]

Karin Benedicte Berg

Karin Benedicte Berg (14. november 1897–16. februar 1991) var ein norsk forfattar og journalist. Ho var frå Helgeroa ved Larvik og busett på Nordfjordeid i Eid kommune. Berg var journalist i Minnesota fram til ho gifta seg med Andreas Berg, som var rektor ved Eid gymnas på Nordfjordeid frå 1922 til 1963, og ho flytta dit i 1925. Ho engasjerte seg […]

Solveig Blindheim Berge

Solveig Blindheim Berge, også kjend som Solveig Berge, (fødd 1935 på Vigra) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1980 med barneboka Sommaren var best på Samlaget og har sidan skrive novellesamlinga Hus i natta og barneboka Hemmelege krusedullar. Sistnemnde gjekk også som opplesingsserie i Barnetimen for de minste. Berge har budd i Måløy, Førde o […]

Unni Berge

Unni Berge (fødd 16. mars 1979) er ein norsk SV-politikar, statsvitar og forfattar. Ho er fødd i Bygstad i Gaular kommune og busett i Oslo. Biografi Berge er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og skreiv masteroppgåva Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens. I 2006 jobba ho som fagansvarleg for oljesaker i Miljøs […]

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal (fødd 28. februar 1972 i i Luster kommune) er ein norsk akademikar, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom. Utdanning og karriere Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet […]

Ingrid Bjørkum

Ingrid Bjørkum (fødd 19. februar 1957 i Drøbak) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Naddvik i Årdal, og er busett i Leikanger. Ho har eksamen i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole 1980. Bjørkum har vore tilsett i Akerhus fylkeskommune, i planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kontorsjef ved Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjorda […]

Turid Breidalen

Turid Breidalen (fødd 1945) er ein norsk lærar, journalist og forfattar. Ho er frå Måløy i Vågsøy kommune. Breidalen starta i 1986 Studiesenteret i Måløy, som m.a. dreiv undervisning i økonomi, administrasjon og media på høgskulenivå. Studiesenteret har hatt opptil 100 studentar årleg.

Merima Maja Brkic

Merima Maja Brkic (fødd 5. mai 1981 i Sarajevo) er ein norsk forfattar. Brkic kom som flyktning frå Bosnia til Årdal i 1993. I 1996 gav ho ut diktsamlinga Stans denne natta! og i 1999 kom Vekk meg. Dikta handlar om krig og om korleis barn opplever han. Brkic fekk Sunnmørsprisen i 1999.

Hilde Buer

Hilde Buer (fødd 1958) er ein norsk sivilagronom, bonde og forfattar. Ho er fødd i Bergen og vaks opp i Os. Buer har m.a. jobba som marknadssjef i Stormøllen og som fylkesjordsjef i Hordaland. I 1999 flytta ho til øya Grøneng i Flora kommune og starta med villsaudrift, og i 2014 flytta Buer til Værlandet i Askvoll kommune. I 2011 gav Buer ut «Vill […]

Berit Lyslo Concha

Berit Lyslo Concha (fødd 1968) er ein norsk forfattar. Ho er frå Innvik i Stryn kommune.