Kvinner

Irene Wedvik

Irene Wedvik (fødd 1948) er frå Nordfjordeid i Eid kommune. Ho har arbeidd i Arbeidsdirektoratet og Fylkesarbeidskontoret for Oslo og Akershus. I 2007 flytta ho tilbake til Eid. I 2008 gav ho ut boka Berre kom heim!

Julli Wiborg

Juliane (Julli) Wiborg (1880–1947) var ein norsk forfattar og lærar. Ho vart født på Leite i Ytre Holmedal, og var dotter til Nils Landmark. Juliane Wiborg er ein av dei mest leste forfattarane frå Sunnfjord. Ho skreiv moraliserande bøker for «unge piker», og gav i alt ut 34 titlar. Juliane Wiborg hadde også fleire forteljingar i Nynorsk Vekebla […]

Hege Woxen

Hege Woxen (fødd 17. juli 1975) er ein norsk lyrikar. Ho er fødd i Bærum og busett på Sandane i Gloppen kommune. Woxen har studert spansk, litteratur og idéhistorie ved Universitetet i Oslo og har teke Forfattarstudiet i Bø. Ho har også gått eit toårig forfattarstudium, Litterär gestaltning, ved Göteborgs universitet.

Anne Britt Ylvisåker

Anne Britt Ylvisåker (fødd 1957) er ein norsk førstekonservator ved KODE, Kunstmuseene i Bergen. Ho er frå Sogndal i Sogn og Fjordane.