Kvinner

Anne Karin Torheim

Anne Karin Torheim (fødd 12. mai 1953 i Bergen) er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger. Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er […]

Marit Tusvik

Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane, og debuterte i 1979 med dikt-og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet. Marit Tusvik skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av […]

Martha Tynæs

Martha Ottomine Tynæs (fødd 5. november 1870 i Florø, død 8. januar 1930 i Oslo) var ein norsk politikar. Ho var svært aktiv i arbeidarrørsla, og blei spesielt kjent som ein god talar og agitator. Martha Tynæs markerte seg ved samlingar i kampen om full røysterett for kvinner, og på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1899 hadde ho eit sterkt innlegg […]

Elisa Ulvig

Elisa Margrethe Ulvig (1868–1945) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Hyllestad kommune og busett i Oslo. Ulvig var lærar på Vahl skole og Lakkegata skole i Oslo. Ulvig skreiv fleire artiklar i årboka til Den Norske Turistforening og i tidsskriftet Samtiden. Ho var også redaktør for medlemsbladet til Dyrebeskyttelsen ei stund. Elisa Ulv […]

Karin Vatne

Karin Vatne (fødd 1967) er ein norsk lyrikar frå Skjolden i Luster i Sogn og Fjordane. I 2008 gav ho ut diktsamlinga Nedtur.

Sissel Værøyvik

Sissel Værøyvik (fødd 1959) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp på øya Værlandet i Askvoll kommune, og er busett i Bergen. Værøyvik jobbar med løn/personal, og er også ei av to som skriv livshistoriar i bokform for privatpersonar gjennom Din Historie. Rakels bok er hennar debutroman. Boka er til m.a. seld til Polen, Tsjekkia og Tyskland. […]

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater. Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av […]

Anne Viken

Anne Viken (fødd 10. august 1979) er ein norsk veterinær, statsvitar, bloggar, skribent, journalist, samfunnsdebatant og forfattar frå Bygstad. Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskule og har bachelorgrad i internasjonale studiar frå Universitetet i Oslo. Ho har vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas og arbeidd som journal […]

Rakel Viken

Rakel Viken (11. september 1891–24. desember 1995) fødd Bolset, var ei norsk meierske og bygdediktar frå Skei i Jølster. Ho vart mykje brukt til å skrive dikt og prologar, og noko av dette er utgitt i bokform. Ho var gift med folkemusikaren Anders Olsson Viken, og er mor til musikaren Arne A Viken.

Nikka Vonen

Nikka (Nicoline Marie) Vonen (14. november 1836–29. november 1933) var ei norsk målkvinne, fjellvandrar, forfattar, folkeminnesamlar og ikkje minst grunnleggar av og styrar på privatskulen Pigeinstitutet frå Dale i Sunnfjord. Folkeminna og folkeskildringane Nikka Vonen samla inn frå Sunnfjord vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Nikka […]