Vik

Gudmund Balvoll

Gudmund Balvoll (fødd 1934) er ein norsk professor i hagebruk, historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, og busett i Tønsberg. Balvoll vart dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969, han var fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986, informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989 og professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-1999 […]

Kjell Bergfjord

Kjell Bergfjord (fødd 1947) er ein norsk lærar, historikar og forfattar. Han er frå Lindås og busett i Vik kommune. Bergfjord var i perioden 1975-1996 tilsett ved Vik vidaregåande skule, frå 1980-1996 som rektor. Frå 1996 var han assisterande administrasjonssjef i Vik kommune, seinare vart han oppvekstsjef. Bergfjord var studieleiar for lærarutdan […]

Per H. Bøthun

Per H. Bøthun (13. juni 1898–22. juni 1962) var ein norsk lærar, politikar og lokalhistorikar. Han var frå Fresvik, den gong Leikanger kommune, no Vik kommune. Bøthun var medlem av Leikanger kommunestyre 1922-1958 med unntak av krigsåra. Frå 1928 sat han i formannskapet, og var ordførar i perioden 1952-1958. Bøthun var m.a. leiar i Fresvik Ungdoms […]

Jon O. Bøtun

Jon O. Bøtun, (12. juli 1909–4. november 1976) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd i Fresvik i Vik kommune og var også busett der.

Erling Breilid

Erling Breilid (fødd 22. november 1909 i Fresvik i Vik kommune, død 11. april 1997) var bonde og forfattar. Han har vore leiar i Fresvik ungdomslag og Fresvik arbeidarlag. Breilid skreiv mange dikt og prologar.

Jens Brekke

Jens Brekke (fødd 1951) er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og turnert i […]

Ingrid Geithus

Ingrid Geithus (31. desember 1920–17. november 2013) var ei norsk gardkone og lyrikar, fødd i Botnane i Bremanger og busett i Vik i Sogn. Ho debuterte i 2006 med diktsamlinga Ferdaskrinet.

Olav Hoprekstad

Olav Hoprekstad (4. april 1875–16. august 1965) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd i Vik i Sogn og busett mesteparten av livet i Bergen. Biografi Etter eit år på Sogndal Folkehøgskule gjekk han i 1893 over fjellet og begynte på Hamar lærerskole. Etter eksamen var han lærar på øvingsskulen ved Notodden lærerskole. Deretter kom han til Kr […]

Botolv Hov

Botolv Hov (fødd 1922) er ein norsk industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Han er fødd i Fresvik i Vik kommune (tidlegare Leikanger kommune), og store delar av året busett på Styvi i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Hov var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Han starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å pr […]

Hans Hønsi

Hans Hønsi (1919–2007) var ein norsk forfattar og postmann frå Vik. Hønsi jobba som vegarbeidar fram til 1943. Deretter byrja han i posten, der han heldt fram til 1986.