Vågsøy

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Vilhelm Barmen

Vilhelm Barmen (31. mars 1904–12. januar 1997) var ein norsk lærar frå Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

Ane Barmen

Ane Barmen (fødd 1984) er ein norsk skodespelar og skribent, opphaveleg frå Vågsøy kommune. Ho er utdanna musikkvitar og skodespelar og har også gått på Gyldendals skriveskule. Ane Barmen debuterte i 2019 med ungdomsromanen Draumar betyr ingenting.

Solveig Blindheim Berge

Solveig Blindheim Berge, også kjend som Solveig Berge, (fødd 1935 på Vigra) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1980 med barneboka Sommaren var best på Samlaget og har sidan skrive novellesamlinga Hus i natta og barneboka Hemmelege krusedullar. Sistnemnde gjekk også som opplesingsserie i Barnetimen for de minste. Berge har budd i Måløy, Førde […]

Turid Breidalen

Turid Breidalen (fødd 1945) er ein norsk lærar, journalist og forfattar. Ho er frå Måløy i Vågsøy kommune. Breidalen starta i 1986 Studiesenteret i Måløy, som m.a. dreiv undervisning i økonomi, administrasjon og media på høgskulenivå. Studiesenteret har hatt opptil 100 studentar årleg.

Dagfinn Hessevik

Dagfinn Hessevik (fødd 9. januar 1935) er ein norsk ingeniør. Han er fødd på Bryggja i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Hessevik tok eksamen i 1961 ved Bergen Tekniske skole, avdeling for maskinteknikk.

Karl Egil Johansen

Karl Egil Johansen (fødd 1947) er ein norsk forfattar og professor i historie. Han er fødd på Raudeberg i Vågsøy i Sogn og Fjordane og er busett i Bergen. Johansen har skrive bøker og artiklar om kyst- og fiskerihistorie, kommune-, fylkes- og religionshistorie, jødisk historie og Midtausten, idrettshistorie og fagdidaktikk.

Helge Johnsen

Helge Johnsen (fødd 1955) er ein norsk journalist. Han er frå Nord-Vågsøy og busett i Førde. Johnsen har arbeidd i fleire aviser på Vestlandet, frå 1990 i Firda, der han m.a. har vore politisk reportar, kommentator og spaltist. Johnsen har gjeve ut boka «Til Bergen for å ete agn» (Selja forlag 2003), ei samling epistlar med skråblikk på Sogn og Fj […]

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (fødd 5. november 1968 i Isfjorden) er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar. Kolerud er for tida busett i Måløy i Vågsøy kommune. Kolerud debuterte i 1996, og har fått ei rad prisar for bøkene sine. Dei to prisløna bøkene utmerker seg ved å vere stillferdige bøker som med konkrete sansingar frå oppvekst på 1970-talet gjev innbl […]

Kjellaug Kvåle

Kjellaug Kvåle (fødd 1939) er ein norsk lærar. Ho er busett i Vågsøy kommune. Kvåle tok eksamen ved Bergen Lærerskole i 1963. Ho har hatt ulike stillingar innan skuleverket, lengst i Valdres og sist ved Vågsøy ungdomsskule.