Lærdal

Anna Jorunn Avdem

Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og frå 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Hovudoppgåva hennar «Gjort […]

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 1908–17. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn. Bakke ga ut fem diktbøker, og ei bok på lærdalsmål med forteljingar og dikt. Ho var frå 1960 spaltist i avisa Dagbladet under namnet «Gråspurven». Einar Økland skreiv følgjande i 1974 om diktinga til Kari Bakke: Det er ein […]

Peter Bendow

Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen (fødd 4. august 1886 i Brunlanes, død 9. august 1959 i Oslo) tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft. Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då […]

Odd Helge Brugrand

Odd Helge Brugrand (fødd 29. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder. Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba […]

Alfred Espe

Alfred Espe (24. juni 1930–8. april 2002) var ein norsk lærar og historikar. Han var frå Jostedal i Luster kommune. Espe arbeidde fleire stader som lærar før han vart tilsett som lærar i Lærdal i 1968. Han vart tilsett som bygdebokredaktør i Lærdal 1975 og gav ut 5 bind av Lærdal bygdebok. I 2002 vart etterlatne skrifter etter Espe gjevne ut i bok […]

Johan Fjellby

Johan Fjellby (1935–2005) var ein norsk lærar og forfattar frå Steinklepp i Lærdal i Sogn og Fjordane. I perioden 1972 til 1975 var han lærar ved Lærdalsøyri skule, og frå 1975 til 2000 på Berge skule i Borgund. Han debuterte i 1994 med Av ord er du komen.

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland (fødd 1990) er utdanna komponist frå Lærdal. I tillegg er han musikar, skrivar og forfattar. Han var ei tid busett i London.

Jan Olav Fretland

Jan Olav Fretland (fødd 1950) er ein norsk høgskulelektor, kultursjef og målreisingsmann. Han er busett i Lærdal. Fretland tok cand. phil. 1977 og frå 1991 er han førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som han har vore knytt til sidan 1986. I perioden 1991-1994 var han kultursjef i Lærdal. Fretland var rektor ved Høgskulen i So […]

Per Severin Hjermann

Per Severin Hjermann (1891–1972) var ein norsk bonde og skribent frå garden Stødnum i Lærdal i Sogn. Han var representant på Stortinget for Bondepartiet 1954-1961.

Kåre Hovland

Kåre Hovland (fødd 1944) er ein norsk lærar, bygdebokredaktør og Senterparti-politikar. Han er frå Borgund i Lærdal kommune. Hovland har arbeidd som lærar ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og som rektor ved Berge skule. Han vart seinare tilsett som kulturvernkonsulent i Lærdal kommune og har vore redaktør for bygdeboka sidan 1983. Hovland har […]