Hyllestad

Sverre Aas

Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger. Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen ko […]

Kjell-Ragnar Berge

Kjell-Ragnar Berge (fødd 1957) er ein norsk lærar, krigshistorikar og forfattar. Han er fødd i Hyllestad og busett i Førde. Han gjekk Befalsskolen for Feltartilleriet i 1977, gjorde teneste ved FA-bataljonen på Setermoen i 1978, og FN-teneste i Libanon 1979-80. Berge er utdanna adjunkt, og var i 30 år tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde […]

Finn Borgen Førsund

Finn Borgen Førsund (f. 1946) er ein historikar frå Leirvik i Hyllestad kommune som har skrive kring 20 bøker om lokalhistoriske emne frå Sogn og Fjordane. Finn Borgen Førsund er far til Randi Førsund.

Randi Førsund

Randi Helene Førsund (fødd 8. februar 1975) er ein norsk forfattar frå Leirvik i Hyllestad kommune. Førsund studerte drama og teaterkunst ved Queen Margaret University College i Edinburgh i Skottland og middelalderhistorie i Reykjavik på Island. Ho er ansvarleg produsent for, og har skrive manus til, ein historisk film, Hemnen, om kong Magnus Berr […]

Torhild M. Hansen

Torhild Marie Hansen (fødd 1968) er ein norsk forfattar frå Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane.

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (fødd 16. februar 1954 på Sørbøvåg) er ein norsk forfattar. Hatløy er framfor alt lyrikar; dei fleste bøkene hans er diktsamlingar. Alle er gjevne ut på Oktober forlag i Oslo. Hatløy arbeidde i mange år som skipsrøyrleggjar på Løland Verft (Havyard Leirvik) heime i Hyllestad og dreiv småbruk ved sida av skrivinga. I dei seinare åra […]

Rolf Losnegård

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård. Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring. Han arbeider ved Aldateatret. Rolf Los […]

Ingemar Nordstrand

Ingemar Nordstrand (fødd 1932) er ein norsk lærar, Venstrepolitikar, journalist, forfattar og «vegbergar». Han er fødd i Hyllestad i Sogn og Fjordane. Som ung reiste Nordstrand mykje. Han var mellom anna sauegjetar og gullgravar på New Zealand. Han har vore aktiv politikar for Venstre i Vestfold og Sogn og Fjordane. Ingemar Nordstrand er særleg kj […]

Anders Ringstad

Anders Ringstad (1933–2013) var ein norsk bonde og forfattar frå Hyllestad.

Hans Michael Seehus

Hans Michael Seehus (1734–1784) var ein norsk prest. Han var fødd i Hyllestad og vaks opp på Nordfjordeid i Eid kommune. Seehus gjekk på Bergen Katedralskole 1750-52 og var huslærar i Fåberg 1754-1758. I 1758 tok han teologisk embetseksamen i København og var prest i Århus frå 1767 til han søkte avskil i 1784.