Hornindal

Håkon Gausemel

Håkon Gausemel (1921–2004) var ein norsk forfattar frå Gausemel i Hornindal i Nordfjord. Gausemel skreiv fortellingar og dikt i vekeblad, aviser og julehefte i tillegg til å gi ut fem bøker.

Ole Pedersen Indre-Svor

Ole Pedersen Indre-Svor (1719–1765) var ein ugift bonde frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han skreiv religiøse tekstar som vart gjevne ut i høvesvis 1809 og i 1811. Bokhistorikar og litteratursosiolog Jostein Fet hevdar at Ole Pedersen Indre-Svor var den første bondediktaren på Nord-Vestlandet. Bondeskrivarane var ikkje isolerte, men ein del av d […]

Bernt Skrede

Bernt Skrede (fødd 1945) er ein norsk lærar og forfattar. Han er fødd på Norderhov, oppvaksen på Ringsaker, i Mysen, Skjeberg og på Nordfjordeid i Eid kommune. Han har eksamen frå Volda lærarskule med vidareutdanning i pedagogikk, musikk, tysk og ålmenn litteraturkunnskap. Skrede har arbeidd ved fleire folkehøgskular i Danmark, Island og Norge. H […]

Knut Svaar-Seljesæter

Knut Svaar-Seljesæter (1862–1957) var frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han var forfattar av gards-og ættesoger for kommunen.

Paul O. Tomasgard

Paul O. Tomasgard (fødd 1941) er frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han er lærar av yrke og har skrive fleire lokalhistoriske bøker. Tomasgard fekk i mars 2015 Kongens fortenestemedalje for det lokalhistoriske arbeidet han har lagt ned.