Gulen

Ingolf Austgulen

Ingolf Austgulen (fødd 1925) er frå Gulen i Sogn og Fjordane. Han er busett i Bergen, og han har vore handelsmann heile sitt yrkesaktive liv. Han har skrive bøker og lokalhistoriske artiklar med stoff frå Gulen.

Ludvig Engesæter

Ludvig Torsteinsson Engesæter (fødd 1859) var ein norsk lærar og lokalhistorikar. Han var frå Brekke i Gulen kommune. Engesæter tok lærareksamen 1880. Frå 1885 var han lærar i Bergen, og frå 1911 overlærar ved Sandviken skole. Han var medlem av Bergen skolestyre 1903-1909, og var i mange år formann i Bergen Lærerlag, og 1896-1917 var han medlem av […]

Alf Haveland

Alf Kåre Haveland (fødd 23. februar 1940 i Gulen) er ein norsk lærar og forfattar. Haveland har undervist i grunnskulen og ved Folkeuniversitetet. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Vridd kyst i 1978 og har sidan gjeve ut fleire diktsamlingar og ei barnebok.

Ivar Kleiva

Ivar Krohn Gunvald Kleiva (17. mai 1903–5. mai 1998) var ein lærar, forfattar og lokalhistorikar frå Eidsdal på Sunnmøre, busett på Dalsøyra i Gulen kommune. Kleiva avla lærareksamen i 1926 og arbeida som lærar i Torsken frå 1927 til 1940. I løpet av denne perioden tok han også ex.phil. ved Universitetet i Oslo, latinkurs, kurs i revisjon og bokho […]

Magnor Midtun

Magnor Jørgensson Midttun (fødd 27. mars 1932 Eivindvik i Gulen kommune) er ein norsk bankmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar. I åra 1968—1990 var han banksjef i Gulen Sparebank. Han var også medlem av kommunestyre og formannskap i åtte år og blei tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002. Som historikar har han arbeidd med lokalhisto […]

Erna Osland

Erna Osland (fødd 24. februar 1951) er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar. Osland er frå Høyanger i Sogn og busett på Byrknesøy i Gulen. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har undervist i ungdomsskole og vidaregåande. I 1987 debuterte ho med ungdomsromanen Natteramnen.

Gunhild Rutledal

Gunhild Rutledal (16. desember 1895–29. november 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Gulen. Ho tok eksamen ved Stord lærarskule i 1919 og var seinare lærar i Gulen.

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg (fødd 23. august 1975) er ein norsk journalist og forfattar, som særleg har skrive om polar-, friluftsliv og klima. Sanberg har studert journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho vaks opp i Bergen, og budde i Eivindvik i Gulen kommune frå ho var 9-18 år. Sandberg har budd åtte år på Svalbard og har vore friluftsspaltist i A- […]

Gustav Takle

Gustav Johannesson Takle (1878–1909) frå Brekke i Gulen kommune var lærar og forfattar. Han tok lærareksamen ved Elverum lærerskole i 1900. Han var lærar i fleire skular i Gulen kommune, m.a. på Takle. Han let etter seg ei diktsamling, «Ungdomsmot», som vart gjeven ut på Lundes Forlag i 1934.

Erling Virkesdal

Erling Virkesdal (f. 1937) er ein norsk historikar og forfattar frå Dalsøyra i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. I åra 1971 – 1996 arbeidde Virkesdal som undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum, og frå 1996 og utover var han styrar ved Herdla Museum. Virkesdal har gjeve ut ei heil mengd historiebøker om ulike ruteselskap i Bergen og resten a […]