Gaular

Marit Aamodt

Marit Aamodt (fødd 18. februar 1957) er ein norsk lektor og lyrikar. Ho er frå Gaular i Sogn og Fjordane og er busett i Bergen. I 2008 gav ho ut diktsamlinga Men mitt hjarta vaker.

Albert Balchen

Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 1825–12. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular. Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved […]

Unni Berge

Unni Berge (fødd 16. mars 1979) er ein norsk SV-politikar, statsvitar og forfattar. Ho er fødd i Bygstad i Gaular kommune og busett i Oslo. Biografi Berge er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og skreiv masteroppgåva Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens. I 2006 jobba ho som fagansvarleg for oljesaker i Miljøs […]

Olaf Hjelmeland

Olaf Hjelmeland (29. oktober 1872–9. januar 1964) var ein norsk likningssekretær, gardbrukar, lokalpolitikar og lokalhistorikar. Han budde mesteparten av sitt vaksne liv på Hjelmeland i Gaular kommune. I perioden 1920-1924 var han formann både ved Sunnfjord Museum og i Sunnfjord Sogelag. I 1944 gav Olaf Hjelmeland ut ei samling av dikt og songar s […]

Brita Lien

Brita Lien (14. november 1875–10. oktober 1965) vaks opp i Øvrelida i Bygstad. Alt i ung alder viste ho interesse for både å skrive dikt og sangar, og å synge. I 1920 gav ho ut sangboka Femti songar. Brita Lien var òg engasjert i barnearbeidet i den kristne fråhaldsrørsla.

Ole Johannes Øvretveit

Ole Johannes Hesjedal Øvretveit (fødd 13. april 1967) er ein norsk journalist, redaktør, humorist og forfattar frå Sande i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Øvretveit debuterte som forfattar i 1994 med boka Mat for ekte mannfolk.

Ola Johannesson Vik

Ola Johannesson Vik (1854–1897) var ein norsk lærar og bladutgjevar frå Viksdalen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. I 1879 busette han seg i Dalen krins i Bremanger, og i 1890 kjøpte han prenteverk og gav ut på eige forlag fleire mindre bøker/hefter og blada «Forteljaren» (1891-92) og «Livet» (1893). Vik var også engasjert i fråhaldsrørsla, kri […]

Anne Viken

Anne Viken (fødd 10. august 1979) er ein norsk veterinær, statsvitar, bloggar, skribent, journalist, samfunnsdebatant og forfattar frå Bygstad. Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskule og har bachelorgrad i internasjonale studiar frå Universitetet i Oslo. Ho har vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas og arbeidd som journali […]