Førde

Asbjørn Tyssen

Asbjørn Tyssen (fødd 7. september 1950) er ein norsk konservator og forfattar. Han er oppvaksen på Voss, utdanna i Bergen og busett i Førde. Tyssen er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Han var tilsett på Sunnfjord Museum frå 1992-2017.

Kristian Ulltang

Kristian Andreas Johanson Ulltang (6. januar 1891–18. november 1979) var ein norsk journalist frå Førde i Sogn og Fjordane. Det var han som tufta Firda i 1917 som bygdeblad for Indre Sunnfjord, og han var redaktør for Firda i åra 1918-20 og 1922-24. I tillegg dreiv han eige trykkeri i Førde 1914-1947. Ulltang var redaktør for Ungdomsvennen frå 19 […]

Terje Ulvedal

Terje Ulvedal (fødd 1958) er ein norsk journalist. Han er frå Fjaler og busett i Førde. Ulvedal har arbeidd som journalist i Firda, NRK Sogn og Fjordane og frå 1998 til 2013 i Bergens Tidende. I 2013 vart han tilsett som informasjonsdirektør i Helse Førde.

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord. Han vaks opp i Årebrot i Flora kommune og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og […]

Sigurd Vengen

Sigurd Vengen (fødd 1950) er ein norsk prest. Han er frå Selje. Vengen vart Cand.theol. 1976. Han har vore akademilektor ved NLA, Bergen, prost i Sunnfjord prosti og sokneprest i Førde frå 1992. Frå 2005-2007 var han prost i Midhordland prosti. Han vart i 2007 tilsett som prostiprest i Nordfjord prosti kor han var fram til 2015.

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater. Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av […]