Førde

Georg Fredrik Christopher Fasting

Georg Fredrik Christopher Fasting (1. januar 1837–24. oktober 1914) var ein norsk skulemann og forfattar. Han var fødd i Bergen, oppvaksen på prestegardane i Jostedalen i Luster i 1840-1845, i Jølster frå 1845-1857 og i Førde frå 1857. Han tok artium i 1854 og cand. theol. i 1860. Han var lærar på Aars & Voss skole frå 1864, Tanks skole frå 1869, […]

Ole Wilhelm Fasting

Ole Wilhelm Fasting (3. februar 1852–5. februar 1915) var ein norsk ingeniør og forfattar, født i Jølster i Sunnfjord. Fasting gav ut fleire bøker med skildringar av natur og friluftsliv på Vestlandet. Jakt, turar og opplevingar i naturen med karakteristikkar av sunnfjordingen, og skildringar av embetsmannsmiljøet i Førde er sentrale emne i bøken […]

Svein Ottar Flaten

Svein Ottar Flaten (fødd 1958) er ein norsk lyrikar frå Førde i Sogn og Fjordane.

Mona Fossdal

Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk lærar, forfattar, illustratør og grafisk designar. Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Jølster og Førde i Sogn og Fjordane. Frå 2016 har ho vore busett i Eikefjord i Flora. Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen, pedagogisk utdanning […]

Jens Andreas Friis

Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar. Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis […]

Gunn Karoline Fugle

Gunn Karoline Fugle (fødd 1961) er ein norsk musikkterapeut frå Førde kommune i Sogn og Fjordane. Ho har hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. i tillegg har ho spesialistutdanning i barne- og ungdomspsykiatri, klinisk pedagogikk, og utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi.

Berit Gjerland

Berit Gjerland (fødd 1954) er ein norsk arkeolog. Ho er frå i Haukedalen i Førde kommune. Gjerland er spesialkonsulent ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er leiar i Førde historielag.

Roar Gulbrandsen

Roar Gulbrandsen (fødd 1938) er ein norsk kunstmålar og forfattar. Han bur i Førde.

Anne Gullestad

Anne Gullestad (fødd 26. oktober 1925 i Kvinesdal, død 1. april 1998 i Bergen) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var også forfattar av dramatikk og prosa. Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret. Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvi […]

Liv Nina Wie Hafstad

Liv Nina Wie Hafstad (fødd 1958) er ein norsk rekneskapsførar og forfattar frå Førde i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. I 2016 gav Wie Hafstad ut ei bok der ho skildra sitt eige misbruk av alkohol. «Boken handler om hvilke konsekvenser et negativt avhengighetsproblem kan få», opplyste Liv Nina Wie Hafstad på si eiga nettside.