Flora

Harald J. Stavang

Harald J. Stavang (fødd 1943) er ein norsk journalist. Han er frå Flora. Stavang har vore leiar i Flora historielag.

Idar Stegane

Idar Stegane (fødd 28. februar 1940) er ein norsk professor og forfattar som særleg har teke for seg norsk og nordisk litteratur. Stegane er fødd i Eikefjord i Flora kommune, busett i Bergen, der han tok mellomfag i tysk (1966) og norsk (1967), og grunnfag i allmenn litteraturvitskap (1968) ved universitetet. Same staden tok han magistergraden i […]

Sylvi Storhaug

Sylvi Storhaug (fødd 1947) er frå Flora kommune i Sogn og Fjordane. Ho har lang erfaring som spesialpedagog, både blant døve born og born med andre behov. I 2012 gav ho ut barneboka Jenta frå havet, som handlar om forfattaren sine barndomsminne frå tidlege år.

Trond Strømgren

Trond Strømgren (fødd 1961) er ein norsk sivilingeniør, lærar og forfattar. Han er frå Heimdal i Trondheim kommune og busett på Batalden i Flora kommune sidan 1990. Strømgren har arbeidd som lærar og ved Kystmuséet i Sogn og Fjordane.

Eva Skomsø Svanøe

Eva Skomsø Svanøe (fødd 26. oktober 1954 i Holvik) er ein norsk forfattar og lærar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Eg møtte, og har vore medforfattar i fleire antologiar og lærebøker. Eva Skomsø Svanøe er opphavleg frå Vågsøy, men har vore busett på Svanøy i Flora sidan 1975, og er gift med lokalpolitikaren Ole Svanøe. Ho har vore leiar i S […]

Magnus Thingnæs

Magnus Thingnæs (9. august 1912–7. desember 1962) var ein norsk typograf og forfattar. Han vart fødd i Florø, flytta til Ålesund i 1929 og til Oslo i 1938. Der budde han til han døydde. Thingnæs var med og skipa Florø-klubben i Oslo. Han var òg aktiv i Sunnfjordlaget der.

Malvin Toft

Malvin Toft (1934–2010) var ein norsk fiskar, lokalhistorikar og forfattar frå Skorpa i Flora kommune. Han har gjort verdfullt samlararbeid kring nyare fiskerihistorie i Ytre Sunnfjord. Dette er publisert m.a. i seriar i Firdaposten. I 2002 fekk han kulturprisen til Flora kommune. I 2002 gav Toft ut boka Båtar med sjel.

Magnus Helge Torvanger

Magnus Helge Torvanger (fødd 1. februar 1951) er ein norsk forfattar, journalist og lokalhistorikar, fødd i Bremanger og busett i Flora kommune. Han har gitt ut barne- og ungdomsbøker og fleire fagbøker for vaksne. Han debuterte i 1979 med barneboka Fantomet er redd.

Martha Tynæs

Martha Ottomine Tynæs (fødd 5. november 1870 i Florø, død 8. januar 1930 i Oslo) var ein norsk politikar. Ho var svært aktiv i arbeidarrørsla, og blei spesielt kjent som ein god talar og agitator. Martha Tynæs markerte seg ved samlingar i kampen om full røysterett for kvinner, og på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1899 hadde ho eit sterkt innlegg […]

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord. Han vaks opp i Årebrot i Flora kommune og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og […]