Flora

Terje Hellesen

Terje Hellesen (fødd 17. mai 1973) er ein norsk forfattar, fødd i Flora, busett i Bergen. Han har gitt ut dikt, romanar og litteratur for barn. Hellesen tok Cand. phil. i 2004, ved Universitetet i Bergen. Han har samarbeida med andre kunstnarar, mellom anna om «Prosjekt Pripyat», som han realiserte i lag med kunstfotograf Børge Bjerk og pressefoto […]

Audun Munthe-Kaas Hjermann

Audun Munthe-Kaas Hjermann (8. september 1892–23. desember 1975) var fødd i Flora og var ein norsk forfattar og redaktør. Han var journalist i Aftenposten, redaktør av Smaalenenes Avis 1919 – 1931, seinare Sarpen, av Larvik Morgenavis 1947-1950 og av Tønsberg Blad 1950-1954. Som forfattar av ei mengd barne- og ungdomsbøker nytta han ofte pseudony […]

Oddvar Isene

Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978- […]

Albert Joleik

Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend. Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullfø […]

Atle Kittang

Atle Kittang (fødd 20. mars 1941 på Kinn, død 1. juni 2013) var ein norsk forfattar, litteraturteoretikar, litteraturforskar og professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Biografi Etter å ha teke artium i 1960, tok Atle Kittang til å studera ved Universitetet i Bergen. I 1966 fullførte han magistergrad i litteraturvitska […]

Samson Madsen Krogness

Samson Madsen Krogness (1830–1894) var ein norsk prest, lærar, redaktør og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Krogness gjekk på Stord Lærarskule 1847-1849. Han var lærar i Naustdal, Kinn, Skien og Kristiania 1849-1866. Krogness studerte teologi 1862-1866 og emigrerte til Amerika i 1866 og vart ordinert same år. Han var prest 1866-1894 og var ogs […]

Martin Loftesnes

Martin Nikolai Loftesnes (24. mai 1901–13. januar 1981) var ein norsk lærar, journalist, redaktør og forfattar. Han var fødd i Bru i Flora kommune. Han gjekk på ein teikneskule i Oslo og målarkurs i Førde. Han var redaktør av Firda Tidend 1929-30 og jobba ved Den nordiske folkehøgskolen i Geneve 1936. Loftesnes dreiv bladet Gjallarhorn i Førde 19 […]

Simon Malkenes

Simon Mikael Malkenes (fødd 24. september 1973) er ein norsk litteraturvitar, forfattar og lektor i den vidaregåande skulen (Ulsrud videregående skole i Oslo). Essaysamlinga Apokalypse nå igjen? vart utgitt på Det Norske Samlaget i mai 2008.

Øystein Mikalsen

Øystein Mikalsen (fødd 17. januar 1970) er ein norsk journalist og forfattar. Han vaks opp i Flora og er per 2018 busett i Farsund. Mikalsen har cand.mag med historie, medievitskap og samaliknande politikk som fagområde. Han har jobba som journalist i fleire aviser og som frilans.

Harald Pors Muniz

Harald Pors Muniz (fødd 1953) er ein norsk sjukepleiar og forfattar. Han er fødd i Bergen, men vaks opp i Florø og tok artium der. Han var lærarvikar på Rognaldsvåg skule i Flora kommune 1972-1973. Han tok sjukepleiarutdanning 1976-1980 og vart tilsett som sjukepleiar ved Sentralsykehuset i Akershus.