Bremanger

Kjell Askeland

Kjell Askeland (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er frå Askeland i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd som lærar og frilansjournalist.

Dorthea Hansdatter Bakke

Dorthea Hansdatter Bakke (fødd 1818 i Bergen, død 1900) var ein norsk salmediktar. Ho kom til Bremanger som sjuåring, og ho vart buande der resten av livet.

Johanna Petrine Bakke-Wiik

Johanna Petrine Bakke-Wiik (20. juli 1905–28. september 1981) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Lunde i Sirdal i Vest-Agder, men kom tidleg til Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Der budde ho mesteparten av livet. Ho gjekk handelsskule og bibelskule. Bakke-Wiik gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.

Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker. Liv Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk. Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at ha […]

Hans Eirik Endal

Hans Eirik Endal (1. oktober 1901–22. juli 1992) var ein norsk gardbrukar og lokalhistorikar frå Endal i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Endal samla ei mengd segner frå ytre Nordfjord. Desse vart m.a. publisert i Årbok for Nordfjord og Gamalt frå Davik. Han har òg skreve lokalhistoriske artiklar i ulike publikasjonar.

Claus Frimann

Claus Frimann (15. mai 1746–11. oktober 1829) var ein norsk diktar, prest og jordeigar. Han var personellkapellan i Volda på Sunnmøre 1771-79 og sokneprest i Davik i Nordfjord i perioden 1781–1823. Frimann er særleg kjent for diktet Den norske Fisker med den ofte siterte opningsstrofen Ondt ofte lider den Fiskermand. Han fekk tidleg tilnamnet All […]

Yngve Frøyen

Yngve Frøyen (fødd 9. mai 1970) er ein norsk forfattar frå Kalvåg i Bremanger. Han har skrive barne- og ungdomsbøker, og han vart nominert til Uprisen i 2007 for boka Forfedrene og i 2010 for Gutten som hatet desember. Han debuterte i 1999 med spenningsromanen Føniks.

Paul Ragnar Frøyen

Paul Ragnar Frøyen (1936–2016) var ein norsk professor i kjemi. Han var frå Kalvåg i Bremanger kommune. Frøyen arbeidde ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo og på Landbrukshøgskulen på Ås.

Ingrid Geithus

Ingrid Geithus (31. desember 1920–17. november 2013) var ei norsk gardkone og lyrikar, fødd i Botnane i Bremanger og busett i Vik i Sogn. Ho debuterte i 2006 med diktsamlinga Ferdaskrinet.

Ole Johan Grønskag

Ole Johan Grønskag (2. juli 1972–7. mai 2004) vart fødd i Kalvåg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men han hadde aldri ei yrkeskarriere bygd på denne utdanninga. I 2003 debuterte han som dramatikar med boka (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt […]