Dikt og songar

Øyvind Botn

Øyvind Botn (fødd 1928) er ein norsk biletkunstnar og skribent. Han er frå Stårheim i Eid kommune. Han debuterte i 1953 i nasjonal samanheng med separatutstilling i UKS i Oslo 1973. Han har sidan vore representert fleire gonger på fellesmønstringar som Høstutstillingen, Vestlandsutstillinga og Distriktsutstillinga og han har hatt mange separatutst […]

Hjalmar Hjorth Boyesen

Hjalmar Hjorth Boyesen (23. september 1848–4. oktober 1895) var ein norsk professor og forfattar. Han vaks opp på Fredriksvern, Kongsberg og på Systrond i Leikanger kommune. Boyesen hadde si utdanning i tysk og skandinavisk litteratur frå universitet i Leipzig og universitetet i Oslo. Han reiste i 1869 til Amerika. Boyesen vart professor i germans […]

Wilhelm Bødal

Wilhelm Bødal (15. april 1922–22. juli 1987) frå Loen i Stryn kommune var lærar og forfattar. Han tok artium ved Firda gymns, gjekk på Stord lærarskule, Statens lærarskule i forming i Oslo og han tok vidareutdanning i historie, samfunnsfag, norsk og engelsk. Bødal var lærar i Stryn frå 1951, frå 1962 ved Stryn ungdomsskule. Han har gjeve ut fleire […]

Torvald Børtnes

Torvald Børtnes (31. mai 1907–17. juli 1961) var ein norsk lærar fødd på Hafslo i Luster kommune. Han tok eksamen ved Volda lærarskule 1928, og var lærar i Hovin i Telemark 1928-1958. Børtnes er gravlagd i bygda.

Jon O. Bøtun

Jon O. Bøtun, (12. juli 1909–4. november 1976) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd i Fresvik i Vik kommune og var også busett der.

Erling Breilid

Erling Breilid (fødd 22. november 1909 i Fresvik i Vik kommune, død 11. april 1997) var bonde og forfattar. Han har vore leiar i Fresvik ungdomslag og Fresvik arbeidarlag. Breilid skreiv mange dikt og prologar.

Jens Brekke

Jens Brekke (fødd 25. mai 1951) er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og t […]

Merima Maja Brkic

Merima Maja Brkic (fødd 5. mai 1981 i Sarajevo) er ein norsk forfattar. Brkic kom som flyktning frå Bosnia til Årdal i 1993. I 1996 gav ho ut diktsamlinga Stans denne natta! og i 1999 kom Vekk meg. Dikta handlar om krig og om korleis barn opplever han. Brkic fekk Sunnmørsprisen i 1999.

Arnfinn Bruflot

Arnfinn Bruflot (19. oktober 1904–1999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med. Før Bruflot rei […]

Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker. Liv Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk. Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at ha […]