Dikt og songar

Ole Mathiasson Bakke

Ole Mathiasson Bakke (1816–1895) var frå Bakke i Holmedal i Askvoll kommune. Han var bonde, lærar, ordførar i Ytre Holmedal 1860-1864 og 1876-1879, andre varamann på Stortinget 1877-1879 og skribent.

Dorthea Hansdatter Bakke

Dorthea Hansdatter Bakke (fødd 1818 i Bergen, død 1900) var ein norsk salmediktar. Ho kom til Bremanger som sjuåring, og ho vart buande der resten av livet.

Johanna Petrine Bakke-Wiik

Johanna Petrine Bakke-Wiik (20. juli 1905–28. september 1981) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Lunde i Sirdal i Vest-Agder, men kom tidleg til Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Der budde ho mesteparten av livet. Ho gjekk handelsskule og bibelskule. Bakke-Wiik gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 1908–17. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn. Etter framhaldsskule gjekk Bakke på Sogndal folkehøgskule i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografer i Oslo. Saman med to andre kvinner etablerte […]

Gjest Baardsen

Gjest Bårdsen (ca. 13. mars 1791–13. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge. Han verka òg som forfattar, og skreiv mellom anna si eiga livssoge. Bårdsen sat mykje i fengsel, men klarde særs ofte å rømma. Han vert ofte samanlikna med Robin Hood. Det vart sagt om han at han tok omsyn til fattige og svake, og rekna som eit slag ikkje-va […]

Helga Bekker

Helga Bekker (fødd 1886 i Bergen, død 1969) var ein norsk forfattar og redaktør. Bekker var utdanna lege, men jobba som redaktør for tidsskrifta Naturlægen og Tidsskrift mot vitenskapelig dyreplageri og skreiv dikt. Ho gav ut fire diktsamlingar med kjærleik og jord-og himmellivet som hovudmotiv. Bekker vaks opp i Fjaler i Sunnfjord.

Jon Bergheim

Jon Bergheim (4. august 1923–22. august 2007) er ein norsk forfattar. Han er fødd i Breim i Gloppen kommune. Bergheim nytta pseudonymet Jo Foss og har mellom anna gjeve ut diktsamlinga Villblomar og Sagt og gjort – ei samling med dikt og lokalhistorie frå Breim.

Vidar Bergset

Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn) er ein norsk lærar og forfattar. Han har arbeidd i barneskule og ungdomsskule og har også vore lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole. Bergset har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norges K […]

Arnfinn Berstad

Arnfinn Berstad (fødd 1913 i Eid) er ein norsk forfattar og heradsskogmeister. Han vaks opp i Kjølsdalen i Eid, og er busett i Verdal. Han gjekk på Møre folkehøgskule i 1935-1936 og Statens Skogskole i Steinkjer i 1937. Han var heradsskogmeister i Soknedal, Rennebu, Oppdal i 1944-1946, på Ålesundshalvøya 1947-1955 og Indre Romsdal 1955-1981. Berst […]

Sverre Bortne

Sverre Bortne (6. mai 1920–28. november 1989) var jordstyresekretær i Selje kommune, og dreiv eige gartneri. Under pseudonymet Sverre Lisnes gav han ut diktsamlinga Stjernor i natta i 1944.