Dikt og songar

Jonas S. Vårdal

Jonas S. Vårdal (1886–1966) var ein norsk lærar og forfattar. Han vaks opp i Holmedal i Askvoll kommune og i Vevring i Naustdal kommune. Han var utdanna lærar og busett på Laksevåg. Vårdal skreiv i aviser og gav ut ei bok.

Karin Vatne

Karin Vatne (fødd 1967) er ein norsk lyrikar frå Skjolden i Luster i Sogn og Fjordane. I 2008 gav ho ut diktsamlinga Nedtur.

Kristen Vigdal

Kristen Vigdal (27. september 1882–28. oktober 1974) var ein norsk lærar, distriktssjef og forfattar. Han var fødd i Fortun i Luster kommune. Vigdal tok eksamen ved Volda lærarskule 1900, og han var lærar i Langevåg og i Greåker. Han vart så distriktssjef i livstrygdelag i meir enn 35 år. Vigdal var busett i Tønsberg.

Rakel Viken

Rakel Viken (1891–1995) fødd Bolset, var ei norsk meierske og bygdediktar frå Skei i Jølster. Ho vart mykje brukt til å skrive dikt og prologar, og noko av dette er utgitt i bokform. Ho var gift med folkemusikaren Anders Olsson Viken, og er mor til musikaren Arne A Viken.

Daniel Olsson Vikin

Daniel Olsson Vikin (21. oktober 1886–30. mai 1935) var ein norsk lærar og ordførar. Han var frå Skei i Jølster kommune. Vikin var lærarutdanna og var lærar på Nes på Romerike. Der var han også ordførar for Arbeiderpartiet frå 1929. Vikin var vararepresentant for Akershus på Stortinget 1925-1927 og 1931-1933. Vikin er gravlagd i Jølster. […]

Magne Wergeland

Magne Wergeland (1899–1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet. Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 – 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg. Bøkene Magne Werge […]

Hege Woxen

Hege Woxen (fødd 17. juli 1975) er ein norsk lyrikar. Ho er fødd i Bærum og busett på Sandane i Gloppen kommune. Woxen har studert spansk, litteratur og idéhistorie ved Universitetet i Oslo og har teke Forfattarstudiet i Bø. Ho har også gått eit toårig forfattarstudium, Litterär gestaltning, ved Göteborgs universitet.