Barne- og ungdomslitteratur

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal (17. oktober 1900–14. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen. Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han […]

Bjarne Greidung

Bjarne Greidung (fødd 1935) er ein norsk forfattar frå Stryn kommune.

Jarle I. Grønfur

Jarle I. Grønfur (fødd 1949) er ein norsk murar og forfattar. Han er fødd i Stryn og vaks opp i Jølster. Grønfur debuterte i Norsk Barneblad og har skrive fleire noveller i Magasinet for alle og Alle menn.

Jon Grønset

Jon Grønset (7. april 1898–1970) frå Gjemnes kommune på Nordmøre var ein norsk pedagog og forfattar. Han gjekk på lærarskule i Volda på Sunnmøre. Han var rektor på Sogn ungdomsskole i Balestrand frå 1937 til 1955. Bøkene han har gitt ut skreiv han då han var blitt pensjonist. Han skreiv også dikt, forteljingar og sanne historiar. […]

Gerhard Haaland

Gerhard Aslaksson Haaland (fødd 25. april 1876 på Kyrkjebø i Høyanger kommune, død 28. april 1963) var ein norsk lærar og forfattar. Haaland, som var son til ein gardbrukar, tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1898. Sidan var han lærar på Klepp 1899-1900, på ein privat jenteskule i Kristiansund 1900-1903 og i folkeskulen i Bergen 1903-1941. H […]

Gry Hammer

Gry Hammer (fødd 1974) er ein norsk yogalærar, bloggar og forfattar. Ho er frå Selje kommune i Sogn og Fjordane og er busett på Røyse på Ringerike. Ho har ein akademisk bakgrunn innan medievitskap, statsvitskap, litteraturvitskap, kulturfag og organisasjon og leiing. I tillegg har ho studiar i konflikt- og fleirkulturell forståing. Ho debuterte i […]

Torhild M. Hansen

Torhild Marie Hansen (fødd 1968) er ein norsk forfattar frå Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane.

Solveig Hareide

Solveig Margrethe Hareide (fødd 21. februar 1983) er ein norsk programleiar i barne- og ungdomsprogram i NRK, mellom anna Påskemorgen og Newton. Hareide er fødd og oppvaksen i Flora. Ho var programleiar i Newton frå 2008 til 2010. Under Gullruten 2010 var ho nominert i klassen for beste kvinnelege programleiar for si rolle i Newton. I 2010 laga ho […]

Torfinn Haukås

Torfinn Haukås (1931–1993) var ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn. Han gav i perioden 1958 til 1981 ut til saman ti titlar. Meg skal dere aldri få tak i, Søndag i Andorra og Duellen er kriminalromanar, medan Døden på fanget er ei bok om sonen som leid av Krabbes sjukdom. I 1965 fekk Torfinn Haukås førstepremie for beste novella for film i ein […]

Alf Haveland

Alf Kåre Haveland (fødd 23. februar 1940 i Gulen) er ein norsk lærar og forfattar. Haveland har undervist i grunnskulen og ved Folkeuniversitetet. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Vridd kyst i 1978 og har sidan gjeve ut fleire diktsamlingar og ei barnebok.