Sylfest  Lomheim
string(19) "Sylfest_Lomheim.JPG" string(15) "Sylfest_Lomheim"

Sylfest Lomheim

Fødd: 11. mars 1945

Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.

Karriere

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Bibliografi

Bøker

  • 1971 – Stortingsspørsmålet 1961-1968 : en analyse av politisk kansellispråk (Oslo)
  • 1979 – Spørsmål til spørjetimen i Stortinget : ein språkleg analyse av form og funksjon (Kristiansand: Agder distriktshøgskole) . ISBN 82-7117-103-8 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 1984 – Metaforanalyse og metaforomsetjing (Kristiansand)
  • 1988 – Kva er språk? : kort innføring i teori og terminologi (Kristiansand: Agder distriktshøgskole) . ISBN 82-7117-207-7 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 2000 – Skrifta på skjermen : korleis skjer teksting av fjernsynsfilm? (Kristiansand: Høyskoleforlaget) . ISBN 82-7634-266-3 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 2001 – NTB utanriks : kunsten å gjenfortelja? (Kristiansand: Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag) . ISBN 82-7117-436-3
  • 2003 – Språkteigen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6065-4
  • 2004 – Ord om ord : frå Amerika til Åmot (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6432-3
  • 2007 – Språkreisa : norsk gjennom to tusen år (Oslo: Damm) . ISBN 978-82-04-11117-3
  • 2011 – Tale er gull (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6649-1

Omsetjingar

  • Ousmane, Sembène: Når røter losnar : to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. – Oslo : Samlaget , 1979 – 161 sider – (Orion-bøkene ; 228). – Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. – Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8
  • Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. – Oslo : Pax , 1977 – 149 sider – (Pax-bøkene) ; – Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4

Medforfattar

  • 1997 – Cross-cultural communication : a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway (Kristiansand: Agder universitet) . ISBN 82-7117-350-2  [Av Emmanuel Matiku og Sylfest Lomheim ; research assistant : Letisia Warioba]
  • 2001 – Sjønna på Elbursfjell : Alexander Seippel – livet og livsverket (Kristiansand: Høyskoleforlaget) . ISBN 82-7634-339-2  [Av Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid]
  • 2005 – Quizleis : 1001 spørsmål og svar om språk (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6631-8  [Av Per Egil Hegge, Sylfest Lomheim, Helene Uri]
  • 2013 – Adam og Eros : ord og uttrykk i bibel og mytologi (Oslo: Dreyer) . ISBN 978-82-8265-066-3  [Av Sylfest Lomheim og Terje Nordby]

I bøker – eit utval

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Pilastein / Sylfest Lomheim, s. 170-177]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Lys i stillegrender / Sylfest Lomheim, s. 82-87]

Kjelder

  1. «Sylfest. Punktum.» – Språknytt 3/2010. Henta 5. juni 2016.

Bakgrunnsstoff

  • Sylfest Lomheim direktør ved nytt kompetansesenter for norsk språk (Pressemelding 21.08.2003)

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA