Sverre Sandvik

Fødd: 1918

Død: 1993

Sverre Sandvik (15. mars 1918–25. mars 1993) var ein norsk felemaker, forretningsmann og forfattar. Han var frå Bremanger. I tillegg til å ha laga rundt 400 feler så skreiv han også boka Vi byggjer hardingfeler. Dette er ei bok som viser korleis ein lagar ei hardingfele. Sandvik var i mange år også leiar for det årlege felemakarkurset ved Raulandsakademiet.

Sandvik begynte som samvirkestyrar på Kjelkenes. På slutten av 1940-åra arbeidde han som samvirkestyrar i Strandebarm og deretter i Ålvik i Hardanger. I 1956 flytta han med familien til Rjukan i Tinn kommune. Samvirkelaget Kooperasjonen hadde 12 avdelingar med m.a. eige bakeri, pølsemakeri og kafé. Han var også sentral i utarbeidinga av Gaustablikk-området og Gaustablikk Høyfjellshotell. Rundt 1970 overtok han jobben som administrerande direktør i Østfold Samvirkelag med over 700 tilsette. I dei følgjande åra vart mellom anna OBS-varehuset Slitu bygd under hans leiing. Sandvik var 10 år i Østfold. I dei seinare åra budde han og familien på Miland i Tinn i Telemark.

Det finst Sandvik-feler i mange land m.a. USA, Japan og England. Fleire kjende felemusikarar har brukt feler bygd av Sandvik. Han bygde også mange barnefeler.

Sandvik gjorde også ein innsats i motstandsrørsla under andre verdskrig. Han vart heidra med medalje etter krigen.

Bibliografi

Bøker

  • 1983 – Vi byggjer hardingfele : ei bok om felebygging med malar i naturleg storleik (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-02357-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA