Sverre Aas

Fødd: 12. januar 1914

Død: 26. februar 2000

Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger.

Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen kommune og Leirvik.

Frå 1962 var Aas konsulent for skuledirektøren i Sogn og Fjordane. Frå 1971 til 1981 var han fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane.

Aas hadde tillitsverv i Noregs Mållag og i fråhaldsrørsla. Han var aktiv i Systrond Sogelag.

Agnar Aas var sonen hans.

Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Frå Holmedal til Hafslo : Hafslo Husstellfagskule 100 år (Hafslo: Hafslo Husstellfagskule) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Skriftstyre: Barbra Hestetun, Johannes Husum, Sverre Aas]
  • 1989 – Frå allmugeskule til grunnskule i Sogn og Fjordane : innsyn i skulesoga til fylket gjennom 250 år (1739-1989) (Hermansverk: Skuledirektøren i Sogn og Fjordane) . ISBN 82-7056-037-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Olav Sande : eit liv i ord og tonar 1850-1927 : skulemann, folkeminnesamlar, diktar og toneskald (Leikanger: Kulturkontoret) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA