Svein  Indrelid
string(18) "Svein_Indrelid.jpg" string(14) "Svein_Indrelid"

Svein Indrelid

Fødd: 24. desember 1943 Aurland

Svein Oddvar Indrelid (fødd 24. desember 1943) er ein norsk arkeolog fødd i Aurland. Han har magistergrad i nordisk arkeologi frå 1971, vart dr.philos. i 1986, og tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og ved Bergen Museum. Han tok del i Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning med arkeologiske utgravingar på Hardangervidda utover på 1970-talet og framover, med utgravingar på Sumtangen i Finsbergvatnet, og var prosjektleiar for prosjektet Reinsdyr og reinsdyrfangst på Hardangervidda i jernalder og middelalder.

I dei seinare åra har Svein Indrelid òg arbeidd med utgravingar i Russland i samarbeid med arkeolog og geolog John Inge Svendsen[1].

Bibliografi

Bøker

  • 1973 – Hein 33 : en steinalderboplass på Hardangervidda : forsøk på kronologisk og kulturell analyse (Bergen: Universitetsforlaget)  [Serie: Årbok for Universitetet i Bergen. Humanistisk serie]
  • 1984 – Sunnmøres forhistorie : fra de første fotefar (Ålesund: Sunnmørsposten forlag) . ISBN 8299093732  [Redigert av Svein Indrelid og Stein Ugelvik Larsen]
  • 1986 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Bergen: S. Indrelid) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Arkeologiske skrifter fra Historisk museum, Universitetet i Bergen. 4. Festskrift til Anders Hagen (Bergen: Museet)  [Redaksjon: Svein Indrelid, Sigrid Kaland, Bergljot Solberg]
  • 1991 – Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune (Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen) . ISBN 8290273487
  • 1994 – Among the Fjords and Mountains : a summary of Aurland history (Aurland: Aurland Historical Association) . ISBN 82-90451-50-4  [Medverkande: Svein Indrelid, Anders Ohnstad, Åsmund Ohnstad, Nils Tore Skahjem]
  • 1994 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Oslo: Universitetets oldsaksamling) . ISBN 8271811185 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Fornminnevern i kommunane : kva lokalsamfunna sjølve kan gjera for å ta vare på minna om si eldste fortid (Oslo: Noregs forskingsråd) . ISBN 82-12-00264-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [FOK-programmet. Skrifter ; nr 15]
  • 1996 – Frå steinalder til vikingtid (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0480-0  [Strilesoga. Bind 1]
  • 2003 – Soga om Flåm. Band 1. Bygdi (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-3-9  [Aurland bygdebok]
  • 2007 – Soga om Flåm. Band 2A. Gard og ætt : Frå Fretheim til Geisme (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 978-82-992261-5-8  [Aurland bygdebok]
  • 2009 – Arkeologiske undersøkelser i vassdrag : faglig program for Sør-Norge (Oslo: Riksantikvaren) . ISBN 9788275740524
  • 2009 – Soga om Flåm. Band 2B. Gard og ætt : Frå Dalsbotn til Upsete (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 978-82-992261-6-5  [Aurland bygdebok]
  • 2014 – Oppdagelser på Hardangervidda (Bergen: Nord4) . ISBN 978-82-7326-108-3

I bøker – eit utval

  • 2005 – Fattigfolk : i Bergens stift 1755-2005 (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-54-4  [Red.: Yngve Nedrebø. Av innhaldet: Dei fattige i Aurland : forordninga av 1755 i ei vestlandsbygd / Svein Indrelid]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Fotnotar

  1. Pavel Pavlov, John Inge Svendsen og Svein Indrelid (6.9.2001): «Human presence in the European Arctic nearly 40,000 years ago» – Nature, s. 413:64-67 [Sjå òg The ice man cometh early i Nature].

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA