Søren Ve

Fødd: 6. juli 1892

Død: 10. august 1974

Søren Ve (6. juli 1892–10. august 1974) var ein norsk lærar, rektor og lokalhistorikar. Han var frå Øvre Årdal i Årdal kommune. Etter eksamen ved Stord lærarskule arbeidde Ve som lærar i 15 år i Luster, Oslo, Rjukan og Bergen. Ve tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1930 med botanikk som hovudfag og i 1941 tok han doktorgraden i botanikk om treslag i indre Sogn. Han arbeidde som lektor ved fleire skular i Bergen: ved Tanks skole 1931-1939, ved Lungegården skole 1939-1942 og frå 1941 ved U. Pihls skole, der han vart rektor seinare. Ved sida av arbeidet jobba han med vitskapeleg arbeid, særleg om treslaga og høgdegrensene for treslaga i indre Sogn. Ve var med å skipa Årdal sogelag i 1949 og han stod sentralt i arbeidet med bygdebøkene for Årdal.

Bibliografi

Bøker

  • 1930 – Skogtrærnes forekomst og høidegrenser i Årdal : plantegeografiske og bygdehistoriske studier (Bergen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1940 – Skog og treslag i Indre Sogn frå Lærdal til Fillefjell : med ei utgreiding um gran i Sogn (Bergen: Vestlandets forstlige forsøksstation) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1942 – Gransking av skog-, tre- og buskegrensor frå Sognefjorden gjenom Lærdal til Fillefjell  [Særtrykk av «Syn og Segn» 1942]
  • 1951 – Lauving i forntid (Hordaland: Hordaland Landbruksmuseum)
  • 1951 – Stig skoggrensa? (Oslo)  [Særtrykk av Tidsskrift for skogbruk. Nr. 9, 1951, s. 305-317]
  • 1968 – Utbreidsla og høgdegrensor til skog-, tre- og buskeslag i Sogndal og Hafslo (Oslo: Universitetsforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1971 – Bygdebok for Årdal. Band 1. Natur og næringsliv (Årdal: Årdal sogelag)  [Skriftstyrar: Søren Ve]
  • 1978 – Bygdebok for Årdal. Band 2. Kulturbandet (Årdal: Årdal kommune) . ISBN 82-990553-1-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Skriftstyrarar: Søren Ve, Dagfinn Krossen]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA