Solveig Sindre (1934–2010) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Lillehammer og busett i Markane i Stryn kommune. Sindre tok eksamen ved Volda lærarskule 1957, og var lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Ho har arbeidd som lærar i Markane og i Stryn, og vore tilsett ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.

Sindre har gjeve ut «Kontraster – på søk i et ras-skadd hjernelandskap» (Vestlandsforlaget 1992), ei bok som ho skreiv etter å ha vorte råka av hjerneslag. «Levande røter» (Landbruksforlaget 1995) skildrar livet på ein Vestlands-gard, «Elle melle – Barnekår i skjebneår» (Dølaringen Boklag 1997) tek utgangspunkt i minne frå oppvekståra frå 1936 til 1950.

Bibliografi

Bøker

  • 1992 – Kontraster : på søk i et ras-skadd hjernelandskap (Naustdal: Vestlandsforlaget) . ISBN 82-91236-00-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Solveig Sindre, Finn Egil Eide]
  • 1993 – «Kontraster : på søk i et ras-skadd hjernelandskap» : studiehefte (Oslo: Nasjonalforeningen for folkehelsen) . ISBN 82-91236-00-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utarbeidd av Solveig Sindre og Nasjonalforeningen for folkehelsen ; bilde: Finn Egil Eide]
  • 1995 – Levande røter : «-slekt skal følge slekters gang-« (Oslo: Landbruksforl.) . ISBN 82-529-1658-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrasjonar av Kari Barstad]
  • 1997 – Elle melle- : barnekår i skjebneår (Lillehammer: Dølaringen) . ISBN 82-90072-73-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrasjonar: Magne Kristiansen]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA