Sivert Nesdal (6. desember 1875–13. mars 1962) var ein norsk professor og misjonsprest. Han var frå Loen i Stryn kommune, men reiste 1902 til Minnesota for å studera ved St. Olaf College, der han tok graden B.A. i 1909. Same året tok Nesdal til på Den forenede Kirkes Seminar/Luther Theological Seminary i St. Paul i Minnesota. Han vart ordinert i 1912 og reiste same året til Madegaskar som misjonær. Der vart han seinare professor ved den lutherske presteskulen fram til 1938.

Sivert Nesdal kom attende til Loen i 1939 og levde resten av livet der. Minna hans frå misjonstida er sidan gjevne ut i bokform.

Sivert Nesdal vart tildelt St. Olavs-medaljen.

Bibliografi

Bøker

  • 1909 – Vor tids forøkede missionskrav til den enkelte (Minneapolis: Augsburg Publishing)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA