Sivert N. Nesbø

Sivert N. Nesbø

Fødd: 26. mai 1982 (41 år)

Yrke: forfattar, skribent

Sivert N. Nesbø

Sivert Nikolai Nesbø (fødd 26. mai 1982) er ein norsk forfattar og akademileiar ved Skrivekunstakademiet.[1]

Nesbø er frå Førde, og er busett i Bergen. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen[2] og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar.[3] Han har sidan skrive fleire kritikarroste romanar. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susanna Kajermo. Varme og vatn kom i 2021. Same år kom òg Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying frå 1930. For denne vart han nominert til Bastianprisen.

Bibliografi

Bøker

  • 2013 – Skårgangar (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-42350-6
  • 2015 – Som eit barn (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-47981-7
  • 2018 – Sjøen om vinteren (Oslo: Tiden) . ISBN 978-82-10-05677-2
  • 2019 – Hauk (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9834-8  [Sivert Nesbø og Susanna Kajermo]
  • 2021 – Varme og vatn (Oslo: Tiden) . ISBN 9788210058004
  • 2021 – Framom døden (Leikanger: Skald) . ISBN 9788279593331

I bøker – eit utval

  • 2009 – I: Stille når gruppe : antologi for Skrivekunstakademiet i Hordaland 2009 (Bergen: Skrivekunstakademiet i Hordaland)
  • 2011 – I: Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2011 (Oslo: Cappelen Damm)

Prisar og nominasjonar

  • Nominert til Bastianprisen 2022 for Framom døden
  • Målprisen 2022, Førde mållag

Kjelder


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord