Sigurd Nesse (31. mars 1852–1955), opphavleg Sjur Nesse,[1] var ein norsk forfattar, lærar og målreisingsmann.

Sigurd Nesse var frå Nessane i Balestrand i Sogn og Fjordane. Han var busett ei tid i Vik. Nesse gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Han var lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag. Seinare arbeidde han som lærar i Norum i Sogndal, der han kom i kontakt med målrørsla. Frå 1882 vart han tilsett som lærar i Vik, der han vart lærar på friskulen for ungdom. Denne skulen stod sentralt i ein hard målstrid i Vik. Nesse vart hundsa og forfylgd av bokmålsfolket, som skulda han både for vranglære og anna når han brukte nynorsk i undervisninga. Striden enda med at Nesse søkte seg vekk frå kommunen i 1893, og vart lærar i Eidsvoll til 1923.

Sigurd Nesse skreiv fleire skodespel, mellom anna Folk, som fekk premiere i 1901, I Aspehagen (1897), Ein besettelse (1910) og Zions Mure (1921). Nesse gav også ut bøkene Sjusovaren (1897), Elsk og yrkje (1903), Våronn (1904), og diktsamlingane Hugsviv (1925) og Vårfrygd og hausthelsing (1939).

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Notar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA