Sigurd Kvåle (fødd 7. mars 1902 i Sogndal, død 16. juni 1962 i Rælingen) var lærar og forfattar, og er særleg kjend for novellene sine.[1][2][3]

Kvåle var son av ein skomakar, og gjekk to år på Sogndal Folkehøgskule, deretter Stord lærarhøgskule, der han tok eksamen i 1924. Han var lærar i Varhaug 1924-1928, Aurskog 1928-1929, Torsnes 1932-1933, Tysvær 1933-1937 og Torsnes 1937-1945. Frå 1945 budde han i Rælingen, der han var rektor ved Holt skole. Han var gift med Astrid, fødd Sandsmark, og hadde ein son.

Han bokdebuterte som forfattar i 1933, etter at han tidlegare hadde vunne ein novellekonkurranse i regi av Bondeungdomslaget i Oslo. Han skreiv noveller, romanar og ei barnebok.

Bibliografi

Sentrale tema i Sigurd Kvåle sin forfattarskap er: a) barn, ungdom og gamle menneske, b) bygdesamfunnet, – sosiale og økonomiske tilhøve, særleg i mellomkrigstida, c) menneskesinnet, og d) personar som fell utanfor det sosiale fellesskapet.

Gerd Vik[1]

Bøker

  • 1941 – Byttingen Velaug : underhaldningsroman (Fredrikstad)
  • 1941 – Stemning : høyrespel i 1 akt
  • 1950 – Pelle Skauen og andre småsoger (Oslo: Ansgar)
  • 1987 – Fjedli mine : for blandakor (Sogndal: Sogndal lærarhøgskule)  [Musikk: Sverre Volle]

I bøker – eit utval

  • 1943 – 16 mann forteller : noveller (Oslo: Rosen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Kyrkja brenn / Sigurd Kvåle, side 44-58]
  • 1953 – Norsk lesebok for framhaldsskolen. 2. bind. Samfunn og kultur (Oslo: Fabritius) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Det ringjer frå Sørdal kyrkje / Sigurd Kvåle, side 194-200]
  • 1965 – Nynorsk novellekunst : ein antologi (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 166-186]
  • 1966 – Perler i prosa : norske noveller (Oslo: Den Norske Bokklubben) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Krefter / Sigurd Kvåle, side 334-342]
  • 1969 – Nynorske noveller : ein antologi (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 187-204]
  • 1971 – Aschehougs litteraturutvalg for aldersgruppen 13-17. Bind 1 (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Brør / Sigurd Kvåle, side 353-357]
  • 2001 – Til konfirmanten : dikt og tekster : fra Inger Hagerup til Arne Hjeltnes (Oslo: Kagge) . ISBN 82-489-0126-2  [Av innhaldet: Konfirmanten / Sigurd Kvåle, side 55-65]

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. 1,01,1 fylkesarkiv.no Sigurd Kvåle 1902 – 1962, av Gerd Vik, 2001
  2. Kvåle «Sigurd Kvåle» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA