Sigurd  Eldegard
string(32) "Sigurd_Eldegard_(TM.T03098a).jpg" string(28) "Sigurd_Eldegard_(TM.T03098a)"

Sigurd Eldegard

Fødd: 10. juli 1866

Død: 30. januar 1950

Sigurd Eldegard (fødd 15. juli 1866 i Årdal, død 30. januar 1950 i Oslo) var ein norsk skodespelar, dramatikar, teatersjef og forfattar. Han var teatersjef på Det Norske Teatret 1918-1920, og han skreiv det første nynorskstykket oppført på Nationaltheatret. I følgje Norsk Biografisk Leksikon tilhøyrde han «de fremste blant dem som brøytet vei for nynorsk dramatisk diktning og teaterkunst».[1]

Bakgrunn

Sigurd var den femte i ein søskenflokk på tolv. Foreldra var Sjur Eldegard og Johanna Vetti. Faren var bonde, spelemann og bjørnejeger.[2] Sigurd voks opp på Eldegarden ein fjellgard mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Eldegardselvi med fossen renn litt bortanfor husa. Han gifta seg i 1895 med Mathilde, fødd Wettre. Eldegard var farbror til spelemannen Sigurd S. Eldegard.[3] Under krigen var han medlem av Nasjonal Samling, og han hadde ei sentral rolle ved Det Norske Teatret under krigen.[4]

Skodespel

Sigurd Eldegard tok artium (1889) og krigsskulen, før han braut av og byrja som skodespelar ved Christiania Theater i 1891, debuten var i Henrik Ibsens Hærmendene på Helgeland.[5] Frå 1901 var han ved Nationaltheatret, der han fortsette fram til 1931, med eit avbrot på to år som sjef ved Det Norske Teatret 1918-20.

Han debuterte som forfattar i 1903 med skodespelet Fossegrimen («trollspel i fire vendingar»), om Myllarguten, eit musikalsk og visuelt eventyr.[6] Stykket vart oppført på Nationaltheatret først gong 29. januar 1905 som det første stykket på landsmål[7][8]. Fossegrimen vart framført 140 gongar på fire år og var ein økonomisk suksess for Nationaltheateret. Musikken var ved Johan Halvorsen og hardingfele vart brukt saman med teaterets orkester. «Her sod eit stort slag for norsk spelkunst, og det vart ein stor siger», skreiv Halvdan Koht.[9]

Eldegard skreiv i alt tolv drama og tre romanar. Desse hadde bibelske tema som Kong Saul (1904), nasjonalpatriotiske stykke som Ei heimkoma (1906) og Gamlelandet (1913), samtidsdrama som Hemngir (1914), slektsdrama som Knivane (1918) og komedien Når det kjem, så kjem det (1923). Det siste stykket vart sett opp på Det Norske Teatret i 1924 som Bygdefiff og vart ein kassasuksess med over 200 framsyningar.[10] Han skreiv også barneteater og stykke for amatøroppsetningar, og han omsette fleire stykke. Forfatterskapet har vorte karakterisert som «Med den intime kjennskapen han hadde til teatret innanfrå, fekk han ei sikker evne til å byggje opp eit teaterstykke. [Det vart] ofte suksess når teaterstykka hans kom fram på scena; han nådde fram til publikum og skapte ein god og folkeleg kunst».[10]

Han var med i nokre filmar, mellom anna Kristine Valdresdatter (stumfilm, 1930),[11]Kaksen på Øverland (1920), Viddenes folk (1928), Liv (1934) og Gullfjellet (1941).[12]

Bibliografi

Bøker

  • 1904 – Kong Saul : folkespel i fire vendingar og ein etterbolk : (med emne or den gamle bibelsoga) (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1918 – Sladre-Pollen : komedie i ei vending (Oslo: Norli)
  • 1928 – Kong Trasteskjegg : eventyrspel (Oslo: Norsk barneblad)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
  1. Sigurd Eldegard i Norsk biografisk leksikon
  2. Sjur Ingebrigtson Eldegard i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  3. Sigurd S.Eldegard i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  4. Sigurd Eldegard i Allkunne.no
  5. Norsk tidend nr 2, 2013.
  6. Norsk tidend nr 2, 2013.
  7. sffarkiv.no Fossegrimen av Sigurd Eldegard – fyrste teaterstykket på nynorsk på Nationaltheatret
  8. digitaltfortalt.no
  9. Sitert i Norsk tidend nr 2, 2013.
  10. 10,010,1 Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)
  11. dagbladet.no Alt om film
  12. Eldegard på IMDB lese 7.april 2013.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA