Rune Fossum Lillesvangstu

Fødd: 1974 Molde

Rune Fossum Lillesvangstu (fødd 1974) er ein norsk journalist. Han kjem frå Molde og er busett i Førde. Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret. Han har ein bachelor i journalistikk frå NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, mellomfag i historie frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskolen i Molde. Han byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, før han byrja i NRK Sogn og Fjordane. Der var han vaktsjef i fem år, og reportar på TV, radio og nett. Lillesvangstu er faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter.

Bibliografi

Bøker

  • 2017 – 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-127-2

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA