Rolf Sagen

Fødd: 21. desember 1940 (76 år) Vadheim

Død: 6. april 2017

Debut: Dørklinker, 1966

Rolf Sagen (21. desember 1940–6. april 2017)[1] var ein norsk forfattar. Han har gitt ut romanar, noveller, dikt og barnebøker. Han var også grunnleggjaren av Skrivekunstakademiet i Bergen.

Bakgrunn og karriere

Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune men voks opp i Sykkylven. Han utdanna seg til psykolog, hovudoppgåva hans frå Universitetet i Oslo i 1971 heiter Psykologiske konsekvensar av sosialt system : ein studie av ungdomsskuleelevars forhold til heimstaden i drabantby-, småby-, og bygdemiljø.

Forfattardebuten hans kom i 1968 med diktsamlinga Dørklinker, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på 1970-talet.

Prisar og utmerkingar

  • I 1968 fekk han Tarjei Vesaas» debutantpris for Dørklinker.
  • I 1976 fekk han Kritikarprisen for romanen Mørkets gjerninger.
  • I 2003 fekk han Samlagsprisen.

Bibliografi

Bøker

  • 1966 – Dørklinker (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1971 – Kvengedal (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1971 – Morgonmannen held utstilling (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205003904 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1968 – Båten til Bergen : (Småborgar-songar) : dikt (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205068526 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1976 – Mørkets gjerninger (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205091420 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1977 – Sangbukken : farse i tre akter (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 8252203663 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1980 – Finne seg ei grein (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202046645 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1981 – Sval luft strøymer mot andletet (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202094623 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Springfart ved fjorden : (Soga om Joran Krake) (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202106508 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Mercedes-ryttaren (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252133134 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1989 – Reisa til Leit (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0342-1
  • 1989 – Tapt sak : høyrespel i to akter
  • 1990 – Lyden av vatn (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252136230 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Eg reiste gjennom dette mørke landet og møtte deg (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1992 – På søvnen høyrer eg : ein song (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252137768 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Frå Samuel Eydes siste tid (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202130867 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Sauenes liv (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202145163 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Den gongen eg var elvefiskar (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202157692 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1996 – Kjærasten min og andre dikt for store og små (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202158435 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Bergfri og Kakaoen leitar etter morfar (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202174481 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Blendverk : prosastykke (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252152813 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Bergfri og kattungen (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202182999 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2000 – Sørgedans (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252157092 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2001 – Hundre bønder : dokumentarisk roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5881-1
  • 2002 – Reisa til D. (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6097-2
  • 2002 – Steinar Foten og Vekkarmannen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6044-1
  • 2003 – Alltid likt å lese om krigen : forteljing (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6331-9
  • 2004 – Skog (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6410-2
  • 2005 – Josefines songar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6703-9
  • 2007 – Kraftverk (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7125-9
  • 2008 – Lommehunden frå Ribo (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7318-5  [Frittståande framhald av: Springfart ved fjorden]
  • 2011 – Far og son : (soga om Pjakk) (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7962-0
  • 2014 – MS Liv : lyrisk roman (Leikanger: Skald forlag)

I bøker – eit utval

  • 1981 – Vendepunkt : 14 noveller for ungdom (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202017815 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: 17.Mai i Bergen, Rolf Sagen]
  • 1982 – Hva veit du om meg? (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203108830 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Asbjørn går på diskotek, Rolf Sagen]

I tidsskrift – eit utval

Plater

  • 2008 Filleflabben syng, musikk-CD, saman med Rolf Stensland under artistnamnet Rolf men Rolf (NORCD, Oslo)

Referansar

  1. Rolf Sagen er død. Bergens Tidende (6. april 2017). Vitja 7. april 2017.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA