Rolf Orheim

Fødd: 19. mai 1929 Eid

Død: 15. januar 2005

Rolf Orheim (19. mai 1929–15. januar 2005) var ein norsk journalist. Han var frå Stårheim i Eid kommune og busett i Flora kommune. Frå 1953-1997 arbeidde Orheim som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten, i periodar var han også konstituert redaktør.
Frå 1970-1980 var han leiar av Flora Arbeidarparti og i fire periodar var han medlem av bystyret.

Orheim var m.a. styreleiar i Kystmuseet i Sogn og Fjordane og han var æresmedlem av Sogn og Fjordane Journalistlag.

Orheim vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Bibliografi

Bøker

  • 1972 – Solbakken : arbeids- og sjukeheim, Florø : opna 3. september 1961 (Sandane: Solglimt trykkeri)  [Redigert av Rolf Orheim]
  • 2003 – Fjordane Politimeisterembete 100 år : 1898-1998 (Florø: Sogn og Fjordane Politidistrikt)

I bøker – eit utval

  • 1998 – Nordal kyrkje 100 år : glimt frå kvardag og helg (Florø: Nordal sokneråd) . ISBN 82-994786-1-8  [Av Jostein Midtbø. Odd Stubhaug har skrive kapitla om orgel og oppussing. Rolf Orheim har laga portrettet av Hjalmar Tjelta]
  • 2017 – Havet tok : 113 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-125-8  [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA