Rolf Losnegård

Fødd: 28. januar 1946 (71 år)

Yrke: Dramatikar, forfattar, dramaturg

Sjanger: Skodespel, drama, noveller

Debut: Farskap og andre forteljingnar om fedrar

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård.

Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring. Han arbeider ved Aldateatret.

Rolf Losnegård har skrive over 20 skodespel for teater omkring i Noreg, arbeidd med drama i NRK og som dramaturg ved fleire teater, og vore leiar i Dramatikerforbundet.[1] Han har også sett om drama og forteljingar til norsk, og gitt ut romanar og noveller. Gaularspelet og Dragseidspelet er to historiske drama frå handa til Losnegård.

I 1987 vart han tildelt Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Bibliografi

Bøker

  • 1981 – Farskap og andre forteljingnar om fedrar (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Maksveringar : verdens beste fiendar (Ålesund: Nordvest forlag) Tilgjengeleg i bokhylla  [Illustratør: Arne Eirik Gandrud]
  • 1985 – Risens hjarte (Ålesund: Nordvest) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Skodespel]
  • 1986 – Kinnaspelet : «songen ved det store djup» (Naustdal: Sogn og Fjordane magasin) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1989 – No lettar vi! (Oslo: Solum forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – I ramnens skugge (Florø: Kinn forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Tekst faktadel: Bjarte Sindre]
  • 1992 – Gjest Baardsens siste flukt (Oslo: Solum forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Leikanger: Skald forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Medforfattarar: Gaute Losnegård og Henning Rivedal]
  • 2000 – Kjærleikssaum (Gaular) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2001 – Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst (Førde: Selja forlag) . ISBN 978891722160  [Medforfattar: Gaute Losnegård]
  • 2002 – Riddarane av Losna (Førde: Selja forlag) . ISBN 978891722320  [Medforfattarar: Berit Gjerland og Gaute Losnegård]
  • 2005 – Hemnaren (Førde: Selja forlag) . ISBN 978891722528
  • 2010 – Ole Bull : fossegrimen på Vossastrand (Førde: Selja forlag) . ISBN 978882400220
  • 2012 – Sunnfjord (Leikanger: Skald forlag)  [Fotograf: Oskar Andersen]
  • 2015 – Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet (Leikanger: Skald forlag) . ISBN 978-82-7959-222-8  [Illustratør: Fredrik Rysjedal]

I bøker – eit utval

  • 1984 – Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane (Førde: Sogn og Fjordane magasin) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Han som kjem inn frå havet / Rolf Losnegård, s. 8-13]
  • 1987 – Landet på den andre sida (Larvik: Norsk barneblad) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Eventyret om den forferdelege BokOrmen / Rolf Losnegård, s. 31-37]
  • 1998 – Sceneskift : 33 scener fra ny norsk dramatikk : en antologi til Dramatikerforbundets 60-års jubileum (Oslo: Solum forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Femti devla i sekken / Rolf Losnegård, s. 167-174]

Omsetjingar i utval

  • 2002 – Herskap ved fjorden (Leikanger: Skald forlag)  [Forfattar: Karl Friedrich Kurz (1878-1962)]

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. Aldateatret.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA