Richard Christoffer Schelderup Knoff (30. april 1889–7. desember 1968) var ein norsk ingeniør og redaktør. Han var fødd i Ålesund, busett i Balestrand. Knoff arbeidde m.a. som ingeniør i Argentina 1911-1917, var tilsett som avdelingsingeniør i ved Sogn og Fjordane fylke sitt vassdragskontor i Balestrand frå 1918-1924 og hadde privatpraksis i Balestrand frå 1914.

Knoff var redaktør i avisa Sogningen frå 1924. Avisa kom ut i Vik, men vart flytta til Balestrand i 1925. Knoff kjøpte avisa og var redaktør til 1940, då han overlet redaktørstolen til sonen Richard Knoff jr., som dreiv til 1942. Etter krigen var Knoff sr. redaktør til avisa vart kjøpt av aksjelaget «Sogningen» i 1948. Han var fylkessekretær for Høgre i Sogn og Fjordane frå 1924 til 1946.

Bibliografi

  • 1939 – Arntor av Kvål : sogespel i 2 vendingar (Balestrand: Eige forlag)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA