Reidar  Djupedal

Reidar Djupedal

Fødd: 22. mars 1921

Død: 29. juli 1989

Yrke: Professor i nordisk språk og litteratur, forfattar

Reidar Djupedal (22. mars 1921–29. juli 1989) var ein norsk språkforskar som var professor i nordisk språk og litteratur ved NTNU i Trondheim.

Bakgrunn

Djupedal var fødd i Oslo. Til 1927 budde han på Gol. Då flytte familien til Selje.

Etter folkeskulen gjekk han eit år på snikkarskule på Gol, der faren var styrar. Reidar Djupedal tok eksamen på engelsklinja ved Firda gymnas på Sandane i 1941. Han studerte ved Universitetet i Oslo til hausten 1943. Då vart han arrestert og send til konsentrasjonsleiren Buchenwald. Han kom heim våren 1945. Han tok opp att studia ved Universitetet i Oslo, og i 1950 tok han språkleg-historisk embetseksamen.

Yrkesliv

I 1950-1951 arbeidde Reidar Djupedal med Norsk Ordbok. Frå 1951 til 1956 var han lektor i norsk ved Universitetet i København. Til 1962 var han stipendiat i Oslo. Frå 1962 til 1969 var han dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1969 vart han professor ved Noregs lærarhøgskule, seinare NTNU. Det var han til han vart pensjonist i 1988.

Djupedal er spesielt kjend for arbeidet sitt med Ivar Aasen, m.a. gav han ut Aasens brev og dagbøker ut i tre band, og i lag med Johannes Gjerdåker gav han også ut Aasens Norske ordsprog, og skreiv eit langt etterord til dei. Aasen-samlinga til Djupedal ligg på Aasentunet. Djupedal skreiv også mykje om færøysk og om målreisinga på Færøyane, han skreiv om Aasmund Olavsson Vinje og Dølen, og han skreiv om norske folkeeventyr og om lyrikk. Han var og oppteken av å gje Olea Crøger den merksemda ho fortende i innsamlingsarbeidet med norske folkeeventyr.

Djupedal var filolog snarare enn lingvist, og såg granskinga av språk, litteratur og historie som ein heilskap.

Familie

Reidar Djupedal er far til Øystein Djupedal og Torkjell Djupedal.

Bibliografi (utval)

Bøker

  • 1953 – Norsk folkemål : grunnskrifter og innlegg gjennom hundre år til Halvdan Koht på åttiårsdagen 7. juli 1953 (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no  [Forfattarar: Reidar Djupedal, Halvdan Koht, Bjarte Birkeland]
  • 1953 – Meldingar frå prestane i Nordfjord 1743 til Det danske kanselliet (Sandane?) ved bokhylla.no  [Serprent for Årbok for Nordfjord 1953]
  • 1955 – Kyrkjene i Selje (Førde: Øens Prenteverk)
  • 1957 – Brev og dagbøker : band 1: brev 1828-1861 (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no  [Brev og dagbøker til Ivar Aasen, Ørsta]
  • 1958 – Brev og dagbøker : band 2: brev 1862-1896 (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no
  • 1960 – Brev og dagbøker : band 3: dagbøker 1830–1896 (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no
  • 1964 – Rasmus Flo (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no
  • 1965 – Jacob Aaland og bygdesogeverket hans om Nordfjord (Sandane)
  • 1966 – Selja i tusen år : eit minneskrift om kloster og kyrkjer (Bergen: Forlag ikkje oppgjeve) ved bokhylla.no
  • 1967 – Klosteret på Selja (Selje: Turistnemnda i Selje) ved bokhylla.no
  • 1967 – Norsk språk og litteratur : ei bokliste (Bergen: Universitetsforlaget) ved bokhylla.no
  • 1982 – Norske ordsprog (Voss: Vestan forlag)
  • 1983 – Frå ungdomsrørsla i Selje (Selje: R. Djupedal) ved bokhylla.no
  • 1984 – Rekk meg di hand (Trondheim) ved bokhylla.no
  • 1987 – Eirik Bolstad og eit helsingskvæde på strynemål til Ole Bull, 1850 (Selje: R. Djupedal) ved bokhylla.no
  • 1988 – Nokre drag frå livet i Ål i slutten av 1800-talet (Ål) ved bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

  • Reidar Djupedal (1952). «Eitt sindur um V.U. Hammershaimb og norsku vinmenn hansare». Ukjent publikasjon: 88-112. 
  • Reidar Djupedal (1959). «Knud Leem og hans «Beskrivelse over Finmarkens lappe». Heimen (11): 308-315, 449-473. 
  • Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA